Lege/jordmor som har ansvar for svangerskapskontrollane, gir deg informasjon om kva tid og kvar du kan få vaksina.
Vaksinering av RhD-negative gravide som ber eit RhD-positivt barn
Er du RhD-negativ og gjennom blodprøve i svangerskapsveke 24 får påvist at du ber på eit RhD-positivt barn, skal du vaksinerast med Rhophylac (anti-D) 2 gonger. Den første vaksina får du rundt veke 28, og den siste innan 3 dagar etter fødsel.
Under graviditet og fødsel kan noko av barnets blod kome over i din blodbane. Dersom barnet er RhD-positivt kan dette føre til at du som RhD-negativ dannar antistoff mot barnets blod (RhD-immunisering). Antistoffa kan passere over til barnets blodbane og øydeleggje blodlegeme. Som regel skjer dette i neste svangerskap med eit RhD-positivt barn. Vaksina blir sett for å hindre at du dannar antistoff.
Les meir om rutinemessig RhD-testing på helsedirektoratet.no