Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barne- og ungdomsklinikken hevar aldersgrensa

Frå 1. januar 2022 skal alle 16-åringar tilvisast til, bli tatt imot og behandla ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK). Dette er andre steg i ei trinnvis heving av aldersgrensa ved BUK. Frå 2023 vil alle pasientar under 18 år bli behandla i Glasblokkene.

Publisert 08.12.2021
Sist oppdatert 26.08.2023
Arkivbilde UR
Arkivfoto: Ungdomsrommet

Frå 1. januar 2020 har alle barn til og med 15 år blitt tilvist til, tatt imot og behandla ved BUK. No er det 16-åringane som står for tur. 

- Ved å gradvis heve aldersgrensa skal vi sikre eit heilskapleg, tilpassa og samanhengande tilbod til dei unge, seier klinikkdirektør Ansgar Berg.

- Helsetilbodet denne pasientgruppa får i dag, er ikkje alltid godt nok tilpassa deira behov.

Alle under 18 år skal samlast i BUK

Helse Bergen har vedtatt at alle barn og unge under 18 år skal samlast i Barne- og Ungdomsklinikken (BUK). Dette er i tråd med Forskrift om barn i sykehus. I dag følger BUK nokre av ungdommane på poliklinikken til 18 år, men for dei fleste diagnosar blir alle inneliggande pasientar overført til vaksenavdelingane (unntatt diabetes, epilepsi og IBD) ved 16 års alder.
I 2017 leverte prosjektet Ungdomsmedisin sin rapport, der var alle aktuelle vaksenavdelingar involvert.
Basert på denne rapporten, og på dagens pasientaktivitet og demografisk utvikling, har BUK laga ein implementeringsplan for pasientgruppene 15-17 år.

Heving av aldersgrensene blir gjennomført etter følgande modell:
2021: 15- åringane
2022: 16- åringane
2023: 17- åringane

Frå 2023 vil alle pasientar under 18 år bli behandla i Glasblokkene.​

Det betyr at frå 1. januar 2022 skal alle 16-åringar – med nokre unntak -  tilvisast til, bli tatt imot og behandlast ved Barne- og ungdomsklinikken.


Unntaka

Det vil ikkje bli endringar i mottak av kritisk sjuke barn, unge med traume og rus – og intoksikerte pasientar. Desse vil som vanleg bli tatt imot i akuttmottaket (Mottaksklinikken).
Nokre diagnosegrupper vil fortsatt bli behandla i samarbeid med vaksenavdelingane.

Kvifor er ungdomsmedisin så viktig?

Rapporten frå prosjekt Ungdomsmedisin peikte på at ungdommar eller unge vaksne med fysiske eller psykiske helseproblem er meir utsett for helseproblem seinare i livet – og har større risiko for å falle ut av arbeidslivet. Den sa også at dårleg planlagde overgangar frå barne- til vaksenavdelingar blir assosiert med auka risiko for dårleg etterleving av behandling og komplikasjonar.
Ungdom har også aldersbestemte rettar knytt til informasjon, medverknad, spesiell tilrettelegging og eit undervisningstilbod tilpassa alder og utvikling.

- Ei ungdomsvennleg helseteneste må tilpassast unge menneske sine aldersbestemte og individuelle utfordringar, og legge til rette for langsiktig helsemessig oppfølging, understrekar klinikkdirektør Berg.

- Tilbodet til dei unge skal vere basert på beste tilgjengelege fagkunnskap, det skal involvere pasientane, vere samordna og prega av kontinuitet, og ha særskilt fokus på overgang til oppfølging i vakseneiningar. Når tilbodet ikkje er godt nok tilpassa, blir unge underforbrukarar av helsetenester, og vi leverer ikkje godt nok på alle kvalitetskriteria som er nemnt over.

Ved å gjere overføringa av pasientar trinnvis over tre år, får Barne- og ungdomsklinikken tid til å bygge kompetanse på ungdomsmedisin og «nye» medisinske problemstillingar.

- Det gir oss tid til å vidareutvikle gode tenester for ungdom, og det gir oss også tid til å utarbeide overgangsforløp i samarbeid med vaksenavdelingane, påpeiker Berg.