Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
To menn og tre kvinner bak en kjøkkenbenk, lager mat og prater

Vardesenteret

Vardesenteret er eit ressurssenter for kreftpasienter og andre som lever med langvarig/alvorlig sykdom og deres pårørende. Vardesenteret tilbyr støtte og hjelp til pasienter og pårørande i alle fasar av sjukdommen. Du treng ikkje tilvising for å kome hit, vi kan kontaktast direkte.

På Vardesenteret kan du /dere kome innom og slappe av med ein kopp kaffe og ei avis. Her kan du/dere ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp - utan å ha ein avtale først.

Her kan ein møte andre i same situasjon – både personar som har eigen erfaring med sjukdom og eller erfaring som pårørande. Vi arrangerer også ulike kurs og andre aktivitetar ein kan delta på. Vardesenterer er eit samarbeid mellom Kreftforeningen og sjukehuset.

Les meir om Vardesenteret hos Kreftforeningen

Kontakt

Telefon

Telefonen besvares mellom kl. 09.00 - 15.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vardesenteret ligg like nedanfor Haukeland hotell. Her finn du hovudinngang samt heistilgang.

Vardesenterets gateadresse er Ibsensgate 118. Det er ikkje mogleg å stoppe/parkere i Ibsens gate, innkøyrsel ved Haukeland hotell om du kjem med bil/drosje.

Besøksadresse

Ibsens gate 118

5052 Bergen

Sjå kart (Google maps)

Flyfoto av Haukelandsområdet

Haukeland

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Opningstider

  • I dag 10:00 - 13:00
Endra opningstid
  • 29. juni - 14. august
    Måndag - Torsdag 10:00 - 13:00 Fredag STENGT

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.