ekspedisjonen hjerte post 4

Hjarteavdelinga post 4

Hjartepost 4 er ein thorax-kirurgisk sengepost, der pasientane kjem for planlagte inngrep eller øyeblikkeleg hjelp kirurgi. Vi utfører hjarte- og lungeoperasjonar, pectusplastikk og andre thoraxkirurgiske inngrep. Pasientar som skal til kateterbasert klaffebehandling (TAVI, TEER) blir også behandla her. I tillegg blir pasientar med skadar i brystveggen / thoraxtraume innlagt på posten.

Det er 28 sengeplassar på Hjarte post 4, som har eit tverrfagleg team med legar, hjartekirurgar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og fysioterapeutar. Det er eit aktivt fagleg miljø, med sjukepleiarar i spesialutdanning, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarlærlingar. 

Pasientar som skal til elektiv (planlagt) kirurgi, møter på avdelinga i 6.etasje der dei blir tatt imot av ein hjelpepleiar/sjukepleiar. Innleggingsdagen skal ein gjennom ein del rutineundersøkingar (blodprøvar, røntgen av lungane og EKG) og får samtale og informasjon av fleire faggrupper (sjukepleiar/hjelpepleiar, lege, kirurg, fysioterapeut og eventuelt anestesilege).

 

Informasjonsfilm til deg som skal til operasjon hos oss 

Alle pasientane skal gjennom diverse rutineundersøkingar før operasjonen:

Dei som skal operere ventilen skal også:

 Nokon må også gjere:

Det kan bli ein del venting denne dagen, så ta gjerne med lesestoff eller handarbeid.

Kvelden før operasjon (alle operasjonspasientar):

  • Alt hår i operasjonsområdet vil bli klippa (bryst, mage, lyske, lår, legger). Dette vert gjort av personalet. På grunn av infeksjonsfare og behandlingsutstyr, må skjegg trimmast godt før operasjonen (dette kan ein gjere sjølv).
  • Alle ringar, smykke, øyredobbar og piercingar må av.
  • Naglelakk på fingre og tær må fjernast.
  • Alle må dusje og vaske håret rett før ein leggjer seg. Dei som skal til hjarteoperasjon og pectusplastikk vert i tillegg vaksa med spesialklutar.
  • Du må faste frå kl. 24.00 (det vil seie ikkje mat, drikke, røyk, snus, pastillar, tyggegummi).

Om morgonen operasjonsdagen:

  • Det vil bli tatt fastande vekt, blodtrykk, puls, oksygenopptak i blodet og temperatur om morgenen operasjonsdagen.
  • Dei som skal til hjarteoperasjon og pectusplastikk vert vaska med spesialklutar. Dei som skal til lungeoperasjon må dusje.
  • Før ein blir køyrd til operasjon, får ein noke å slappe av på (enten tablett og/eller sprøyte).

 

  • Om morgonen operasjonsdagen tar ein fastande vekt.

Etter hjarteoperasjon vert pasientane liggjande på Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon ksk (TIO) til dagen etter (telefon: 55 97 03 90).

Etter lungeoperasjon og pectusplastikk, kjem pasientane i utgangspunktet tilbake til sengeposten om ettermiddagen/kvelden operasjonsdagen.

Etter TAVI kjem pasientane enten til medisinsk intensiv og overvaking (MIO) eller rett tilbake til sengeposten.

Etter transkateter edge to edge repair (TEER) vert pasientane først liggjande på TIO derettet MIO, før dei kjem tilbake til Hjarte post 4.

Røyking gir auka slimdanning og irritasjonshoste etter operasjonen slik at risikoen for lungebetennelse og andre komplikasjoner aukar. Jo lengre tid før planlagt operasjon ein reduserar eller sluttar med røyking, jo lågare risiko for komplikasjonar etter operasjon. 

Første dagen skal ein vere dagpasient på poliklinikken til Hjarteavdelinga, der det blir gjort ein del forundersøkingar og gitt informasjon. Andre dagen skal ein møte fastande på Hjarte post 4 om morgonen kl 07.00-07.30. Ein blir då tatt i mot av ein sjukepleiar som tar observasjoner og legg inn ein veneflon. Ein får tildelt ei seng, og køyrd ned til Hjarte-kateteriseringslaboratoriet i 1. etasje. Det kan imidlertid bli noko venting før ein blir køyrd ned. Etter at prosedyra er ferdig, og ein har lagt til observasjon, kjem ein tilbake til Hjarte post 4.

Du har dagen før du skal møte på Hjarte post 4 vore inne som dagpasient på poliklinikken til Hjarteavdelinga. Dagen du møter på Hjarte 4 vert du tatt i mot av ein sjukepleiar. Du vil få tildelt ei seng og få innlagt venflon. Deretter vert du trilla ned i Hjartekateteriseringslabaratoriet i 1. etasje. Når prosedyren der er ferdig kjem du tilbake til posten vår.

Vi anbefaler å ha eit rekonvalesent/opptreningopphald etter operasjonen, når ein er ferdigbehandla på sjukehuset. Pasient og pårørande bør på førehand ha tenkt gjennom og diskutert om de ønskjer dette. Det er fint om det blir gitt beskjed ved innlegging om det er ønska rekonvalesent opphald, då kan avdelinga bestille plass tidlegast mogleg.

I nokre tilfelle vil det vere ventetid på slike opphald, og ein må vere førebudd på at pasienten blir skriven ut til heimen i ventetida. Hjarte post 4 nyttar rekonvalesensopphold på Åstveit Helsesenter og Ravneberghaugen. Etter to månadar, når du har vore på kontroll, kan du nytte opptreningstilbodet på Haukeland, WeCare Bergen eller på Nærland. 

 

Hjarteavdelinga har eit variert rehabiliteringstilbod til deg med hjartesjukdom. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med. På kurs får du informasjon gjennom undervisning, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering. 


Kontakt

Telefon

Innleggelseskontor:

55 97 21 90
  • Måndag 09:00 - 14:00
  • Tysdag 09:00 - 14:00
  • Onsdag 09:00 - 14:00
  • Torsdag 09:00 - 14:00
  • Fredag 09:00 - 14:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefonen er stengt mellom kl 11.00 og 12.30

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengeposten finn du i 6. etasje i Sentralblokka. Kontakt oss dersom du lurar på noko.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Det er legevisitt på formiddagen kvar dag. Det er vakthavande lege som går rundt til alle pasientane. I tillegg er det ein pasientansvarleg lege til kvar enkelt pasient, som oftast er det den som har operert pasienten. ​

På Hjerte post 4 blir alle måltider servert i etestova. Her blir alle måltid servert.  

  • Frukost kl. 08-09   
  • Lunsj kl. 12-13  
  • Middag kl. 16-17  
  • Kvelds kl. 20-21  
​Vi oppfordrer alle våre pasientar til å gå ut i buffeten for å eta/henta seg mat, også om du er nyoperert. Dette er ein god måte å komma seg raskt på beina, klarer du ikkje henta maten sjølv, vil personalet gjere det.  
Det er ei eiga kantine i 3. etasje som pårørande kan bruka, i tillegg er det ein kiosk og cafe i 0.etasje.  
På avdelinga er det ein kaffiautomat som kan nyttast av alle (kaffe, te, varm sjokolade, med meir). 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Pasientar som er kopla til mellombels pacemaker (etter hjarteoperasjon og TAVI) og som er på overvakingsrommet, kan ikkje bruke eigen mobiltelefon. Det er trådlause telefonar tilgjengeleg på avdelinga, ein kan ringe Hjerte post 4 (Tel: 55 97 36 30) og bli satt over. ​

Lag til toalettsaker kvelden i forvegen av operasjon. Desse vil du få tilgang til etter operasjonen. Eventuelle tannprotesar vert lagd i eit beger og kan oppbevarast saman med toalettsakene.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sjukehuset og avdelingen er ikkje ansvarleg for penger/verdisaker som forsvinn under sjukehusopphaldet.  Derfor tilrår vi å ta minst mogeleg kontantar og verdisaker med på sjukehuset. Avdelingentilrår å legge verdisakene i ein verdisakpose som vert låst ned på avdelinga.

Informasjonsfilm

Informasjonfilm til deg som skal til operasjon ved hjarteavdelinga post 4.
Sjå filmen
resepsjon hjerte post 4_foto