Behandling, Punktert lunge - operasjon

Pneumothorax

Pneumothorax («hól på lunga») oppstår vanlegvis fordi det går hól på små blærer som har danna seg på lungeoverflata. Det vil da komme luft inn i brysthola. Brysthola er ei lufttett hole som lunga ligg i. Når det kjem luft inn i denne, vil lungas funksjon bli forstyrra, og behandling er nødvendig.

Vanlege symptom er smerte av varierande styrke i brystkassa på den aktuelle sida, spesielt i starten. Tungpust kan opptre, eventuelt auke ved aktivitet. Hoste kan oppstå, men er sjeldan sjenerande.

Behandling

  1. Lettare tilfelle krev ikkje behandling, men følgjast opp med kontrollar for å sjå at det ikkje vert verre.
  2. Dersom holet på lungeoverflata gror av seg sjølv, er det tilstrekkeleg å fjerne lufta frå brysthola. Dette vert gjort ved hjelp av ei nål og eit sugesystem. Lek det mykje luft inn i brysthola, kan det vere nødvendig å legge inn eit dren. Eit dren kan også koblas til eit sugesystem, men dette er noko meir omfattande.
  3. Dersom holet på lungeoverflata ikkje gror av seg sjølv, må ein utføre ein operasjon der sjukt vev vert fjerna og holet vert sydd igjen.

Før

Dagen du vert innlagd

Du vil få munnleg informasjon av lege, sjukepleiar/hjelpepleiar og fysioterapeut. Du har anledning til å ha med pårørande når du mottar informasjon.

Blant dei rutinemessige førebuingane før operasjonen er blodprøver, det blir tatt røntgen av lungene dine og hjerterytmeprøvar (EKG) og eventuelt målingar av lungekapasitet.

Dei fleste pasientane reiser heim når alt er gjort, og møter opp i avdelinga om morgonen operasjonsdagen, klokka 07.00.

Kvelden før operasjonen

  • Det er nødvendig å fjerne hår i operasjonsområdet frå ryggrad til brystbein. Dette vert utført av personalet. Dersom du overnattar heime, vert dette gjort om morgonen operasjonsdagen.
  • Du skal dusje og vaske håret før du legg deg. Bruk vanleg såpe og sjampo, vask spesielt godt under armane, i navlen og nedantil.
  • Du må fjerne neglelakk, sminke og smykke.
  • Frå midnatt må du faste, det vil si ikkje ete, drikke, røyke, snuse, tygge tyggegummi eller suge på pastillar.

Operasjonsdagen

  • Du skal igjen dusje
  • Blodtrykk, puls og temperatur blir målt
  • Du får reint sengetøy/ rein seng
  • Eventuelle medikament får du av sjukepleiaren. Det kan vere litt endringar frå det du vanlegvis tar på grunn av den føreståande operasjonen. Sjølv om du fastar, kan du svelgje tablettane med litt vatn. Før operasjonen får du eventuelt beroligande medisinar, slik at du slappar av. Eventuelle tannprotesar tar ein ut før operasjonen.

Røyking

Dersom du røyker før og etter operasjonen, risikerer du fleire plager enn ikkje-røykande nyopererte. Særleg er det risiko for auka slimopphoping i luftvegane, og dermed auka fare for lungebetennelse.

Dei som røyker hoster meir enn andre og hoste vil gi smerte i operasjonssåret. Det er derfor viktig at du sluttar å røyke før operasjonen.

Under

Luftlekkasjen til brysthola er vanlegvis forårsaka av punkterte blærer på lungeoverflata. Desse blærene oppstår som regel i øvre del av lungene og bør fjernast. I dag er det vanleg å bruke kikholsmetoden for å fjerne blærene. Eit minivideokamera førast da inn i brysthola gjennom eit 2-3 cm langt snitt i sida av brystet.

For å komme til det sjuke vevet gjerast tilsvarande snitt frå brystkassa, vanlegvis under brystvorta, og eit på ryggen. Vevet kan da holdast på plass gjennom det eine holet, mens sjukt vev skjerast bort gjennom det andre under leiing av videokameraet. Av og til kan det vere behov for fleire snitt for å komme til.

Nokre gongar får vi ikkje den oversikta som er nødvendig på grunn av samanvaksinar, blødingar eller liknande, vi må da opne brysthola på vanleg måte for å få gjort det som er nødvendig. Snittet under brystvorta forlengast da til snittet i sida av brystet som blei brukt til videokameraet.

Etter

Etter operasjonen vaknar du opp på Thorax kirurgisk intensiv og oppvaknings seksjon (TIO). Der vert du liggande nokre timar før du vert flytta til Hjarteavdelinga post 4, Thorax kirurgisk seksjon (sengepost).

Du vil ha ein del utstyr:

  • Oksygen i nasen
  • Veneflon (eit lite plastrør inn i ein blodåre som vi kan gje medisinar og væske i)
  • Thoraxdren på den sida som er operert
  • Smertepumpe tilkopla eit kateter i ryggen (epidural), dersom ein har måtte opne brysthola
  • Urinkateter, dersom du har smertepumpe


Om ettermiddagen operasjonsdagen vil du få drikke litt,  og etter kvart får du ete.

Etter operasjonen er det viktig at du kjem raskt i aktivitet. Eigenaktiviteten bidrar til å førebygge komplikasjonar, og gjer at du kjem raskare i form. For å betre blodsirkulasjonen bør du gjere nokre enkle øvingar allereie første dagen:

  • Bøy og strekk i anklane 10-20 gongar
  • Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, 10 gongar på kvart bein.
  • Stram lår- og setemusklane, slepp. Gjenta 10 gangar.

Øvingane gjerast minst 3 gongar dagleg.

Operasjonssåret og drenet kan føre til smerter og ubehag. Det kan derfor vere vanskeleg å puste djupt, hoste og kremte. Da kan det hope seg opp slim i luftvegane. Det er viktig at du har god smertelindring så du unngår dette.
Aller viktigast både for blodsirkulasjonen og lungefunksjonen, er at du kjem deg opp av senga.

Dei første dagane etter operasjonen kan det på grunn av sårsmerter vere vondt å strekke armen på operert side helt opp over hovudet. Det er heller ikkje nødvendig å presse seg til å klare dette. Men etter eit par veker bør du kunne løfte armen like høgt som før operasjonen. Kontroller dette framfor ein spegel.

Restriksjonar

Dersom ingen annan beskjed er gitt, har du ingen grenser når det gjelder å bevege armen.

Noko smerte og ubehag forbunde med såret må du rekne med inntil det er grodd.  Du vil få smertestillande medisin etter behov.

Til å begynne med kan det vere blåmerke og hevelse langs operasjonssnittet. Dette vil gradvis forsvinne.
Raudheit og hevelse i arret vil vanlegvis gå fort tilbake. Inntil arret er bleikt (hudfarga) bør du bruke solkrem med faktor 20 på arret før du soler deg.

Såret er vanlegvis lukka med tråd som vil forsvinne av seg sjølv. Unntaket er dei stinga som står igjen etter feste av thoraxdren. Stinga etter drenet skal fjernast ca. 2 veker etter operasjonen. Det vil bli gjort på lokalsjukehuset ditt, eller du kan få fjerna dei hos fastlegen din.

Det hender at ein får noko smerte/ubehag i skuldra etter operasjonen. Dette på grunn av stillinga armen ligg i under operasjonen.

Under operasjonen blir det lagt inn 1-2 drensrøyr (thoraxdren) som er kopla til eit oppsamlingssystem. Drenets hensikt er å fjerne sårvæske og luft frå brysthola på den opererte sida. Så snart væskemengda og luftlekkasjen avtar og røntgenbildet viser at lunga er fult utfolda, vil drenet bli fjerna. Dette skjer vanlegvis 2-5 døgn etter operasjonen. Nokre gongar vil det ta lengre tid.

Det kan, som følge av operasjonen samle seg slim i lungene. Det er viktig å hoste opp slimet for å førebygge lungebetennelse, derfor er det viktig med tidleg mobilisering etter operasjonen Rikeleg med drikke er også viktig for å løyse opp slim.

Blodtrykk, puls, oksygenopptak og temperatur målast fleire gongar dagleg. Litt feber er vanleg dei første dagane. 

Kontakt

Sentralblokka Hjarteavdelinga post 4

Kontakt Hjarteavdelinga post 4

Oppmøtestad

Sengeposten finn du i 6. etasje i Sentralblokka. Kontakt oss dersom du lurar på noko.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Det er legevisitt på formiddagen kvar dag. Det er vakthavande lege som går rundt til alle pasientane. I tillegg er det ein pasientansvarleg lege til kvar enkelt pasient, som oftast er det den som har operert pasienten. ​

På Hjerte post 4 blir alle måltider servert i etestova. Her blir alle måltid servert.  

  • Frukost kl. 08-09   
  • Lunsj kl. 12-13  
  • Middag kl. 16-17  
  • Kvelds kl. 20-21  
​Vi oppfordrer alle våre pasientar til å gå ut i buffeten for å eta/henta seg mat, også om du er nyoperert. Dette er ein god måte å komma seg raskt på beina, klarer du ikkje henta maten sjølv, vil personalet gjere det.  
Det er ei eiga kantine i 3. etasje som pårørande kan bruka, i tillegg er det ein kiosk og cafe i 0.etasje.  
På avdelinga er det ein kaffiautomat som kan nyttast av alle (kaffe, te, varm sjokolade, med meir). 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Pasientar som er kopla til mellombels pacemaker (etter hjarteoperasjon og TAVI) og som er på overvakingsrommet, kan ikkje bruke eigen mobiltelefon. Det er trådlause telefonar tilgjengeleg på avdelinga, ein kan ringe Hjerte post 4 (Tel: 55 97 36 30) og bli satt over. ​

Lag til toalettsaker kvelden i forvegen av operasjon. Desse vil du få tilgang til etter operasjonen. Eventuelle tannprotesar vert lagd i eit beger og kan oppbevarast saman med toalettsakene.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sjukehuset og avdelingen er ikkje ansvarleg for penger/verdisaker som forsvinn under sjukehusopphaldet.  Derfor tilrår vi å ta minst mogeleg kontantar og verdisaker med på sjukehuset. Avdelingentilrår å legge verdisakene i ein verdisakpose som vert låst ned på avdelinga.

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.