Føde B

Føde B er lokalisert i 2. etasje og er ein del av vår kombinerte føde/barseleining Føde AB. Her er barselromma til dei som har født på Føde A i U2 og det er også nokre rom til gravide som treng å vere innlagt.

Kontakt

Innleggingstelefon for fødande

Ring innleggingstelefonen for fødande FØR du drar til KK. Når du ringer hit, får du snakke med ei erfaren jordmor og får råd om kva du bør gjere.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 5, 2. etasje 

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Føde- og barselavdelinga ligg i blokk 5 i Glasblokkene. Ved fødsel skal de nytta ambulanseinngangen. Det er reserverte parkeringsplassar for dei fødande. På denne sida finn du informasjon om vegen inn, parkering og kor du skal gå. 

Sjå film, kart og informasjon om vegen inn for kvinner i fødsel. 

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

Partnar/ledsager kan kjøpe mat i spisestovene (sjå meir under Pårørandetilbod- og betaling). 

Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​. 


Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

Partnar/ledsager er velkomen til å overnatte på alle føde - og barselromma i blokk 5. Alle romma har ein fast seng som kan slås ned til bruk. Bruken av sengetøy betalast via Vipps med ein eingongssum for heile opphaldet.  

Partnar/ledsager kan kjøpe måltider i same buffeten som pasientane i 2. og 4.etasje. Matverten tek imot betaling via Vipps. Der er og ein stor cafe i 1.etasje som er open for alle.

Partnar/ledsager er velkomen til å vere til stades under heile opphaldet. Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00. Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk.​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her