Føde A
Vi gir fødselshjelp ved ukompliserte fødslar og ved fødslar som krev ekstra oppfølging, overvaking og behandling. Vi legg vekt på at fødselen skal skje så normalt som mogleg. Avdelinga har og ansvar for dei gravide som har komplikasjonar i svangerskapet som gjer at dei treng å vere innlagt på sjukehus.
Kontakt
Telefon
Innleggingstelefon for fødande
55 97 22 00Ring innleggingstelefonen for fødande FØR du drar til KK. Når du ringer hit, får du snakke med ei erfaren jordmor og får råd om kva du bør gjere.
Telefon avdelinga
55 97 42 64E-post
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Vi held til i Glasblokkene, blokk 5, etasje U2
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen
Praktisk informasjon
Alle fødande bør ringje innleggingstelefonen for fødande, før du drar til Kvinneklinikken - telefonnummer 55 97 22 00.
Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen, og du ikkje kan vente og ringe tilbake - ring 113.
Fødselstilbodet ved KK
Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for begge to. Her kan du lese om kva som møter deg på fødeavdelinga og kva som skjer under ei fødsel.