Føde D Storken

Føde D Storken er ei kombinert føde og barselavdeling. Storken er eit tilbod til friske fødande med ukompliserte svangerskap. Under fødselen vil du bli tatt vare på av jordmødrer som støttar deg og har fokus på å fremje den normale fødselsprosessen.

 

Månedsvis oversikt over jente- og guttefødsler på avdelingen. Foto

Vår hovudoppgåve er å legge forholda til rette for ein normal fødsel og ein god start for det nyfødde barnet og familien.

Om det blir avdekka behov for meir overvaking eller behandling enn det Storken kan gi under fødselen, blir de flytta over til ein av fødeseksjonane  Føde A eller Føde C og fulgt vidare opp der. Dei fleste overflyttingane som skjer frå Storken til anna fødeseksjon er heilt udramatiske.    

Vår hovudoppgåve er å bidra til at de får ein god start på barseltida.  

Når du har født blir du, barnet og partnar/ledsager verande på fødestova i nokre timar. Viss du er frisk og skal reise tidleg heim, kan du bli verande på same rom til du reiser heim. Treng du lengre barseltid på avdelinga, blir de overført til eit av barselromma våre. 

Har du født ved hjelp av keisarsnitt, blir du overflytta til oppvakningsavdelinga i U2 etter operasjonen. Om du er i form til det, kan barnet ditt vere med deg deler av tida du ligg her. Då kan du også prøve å komme i gang med å amme den vesle. På oppvakningsavdelinga blir du liggjande nokre timar til observasjon, før du blir flytta tilbake til Føde D.

Dei aller første dagane med den nyfødde er det viktig at mor og barn får mest mogleg ro og kvile, for å bli godt kjende med kvarandre og ha nok tid og ro til å komme i gong med bl.a. amminga. Vi ser at kvinnene som har fødd, blir slitne med mange besøkande den korte tida dei er hos oss. Besøk dei første dagane på klinikken er derfor avgrensa til søsken av den nyfødde, som kan kome på besøk mellom kl 17-18.  Den første tida heime bør óg avgrensast til dei aller næraste.

Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken ved Barselpoliklinikken dei første dagane etter fødsel, eller dei blir følgt opp av jordmor og helsesjukepleiar i kommunehelsetenesta. 

Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.

Du kan ringe Barseltelefonen dei første dagane etter du har kome heim, om du har spørsmål eller treng råd og rettleiing i forhold til barnet eller deg sjølv. Denne tenesta kan du bruke om du treng råd eller rettleiing straks – og ikkje kan vente til neste kontroll på Barselpoliklinikken eller helsestasjonen.

 

Barseltelefon 41 49 90 42

 

Blir du eller barnet ditt akutt sjuke – ta kontakt med legevakta. Om det hastar - ring 113.

Før utreise får du tilbod om samtale med jordmor. Då får du informasjon om oppfølging av deg og barnet ditt etter utreisa frå Føde D Storken, samstundes som du får anledning å snakke med jordmor om andre ting om du ønskjer det. Reiser du heim før barnet har tatt nyføddscreening, må du komme tilbake til Barselpoliklinikken eller blodprøven kan bli tatt i kommunehelsetenesta. Informasjon om dette får du ved utreisa frå Føde D Storken.

Les meir om nyføddscreening

Kontakt

Telefon

Innleggingstelefon for fødande

55 97 22 00
Ring innleggingstelefonen for fødande FØR du drar til KK. Når du ringer hit, får du snakke med ei erfaren jordmor og får råd om kva du bør gjere.

Telefon avdelinga

55 97 43 33 | 55 97 43 46

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Glasblokkene, blokk 5, 4. etasje

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Føde- og barselavdelinga ligg i blokk 5 i Glasblokkene. Ved fødsel skal de nytta ambulanseinngangen. Det er reserverte parkeringsplassar for dei fødande. På denne sida finn du informasjon om vegen inn, parkering og kor du skal gå. 

Sjå film, kart og informasjon om vegen inn for kvinner i fødsel. 

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

Måltida i spisestoven blir servert: 

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

 

Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

Partnar/ledsager er velkomen til å overnatte på alle føde - og barselromma i blokk 5. Alle romma har ein fast seng som kan slås ned til bruk. Bruken av sengetøy betalast via Vipps med ein eingongssum for heile opphaldet.  

Partnar/ledsager kan kjøpe måltider i same buffeten som pasientane i 2. og 4.etasje. Matverten tek imot betaling via Vipps. Der er og ein stor cafe i 1.etasje som er open for alle.

Partnar/ledsager er velkomen til å vere til stades under heile opphaldet. Friske søsken til barnet er velkomne dagleg kl. 17.00-18.00. Andre pårørande må vente med å kome på besøk til etter heimreise.

Ved lang liggetid eller andre spesielle hensyn legg vi til rette for meir besøk.​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Innleggingstelefonen for fødande

Alle fødande bør ringje innleggingstelefonen for fødande, før du drar til Kvinneklinikken - telefonnummer 55 97 22 00. Om du ikkje får kontakt med jordmor på denne telefonen, og du ikkje kan vente og ringe tilbake - ring 113.
Les meir om Innleggingstelefon og teikn på fødsel
En person som holder en telefon mot øret

Fødselstilbodet på KK

Fødselen er slutten på mange månader med venting, lengsel og spenning. Endeleg skal de få møte barnet. Fødselen krev stor innsats frå både mor og barn, og er fysisk og psykisk krevjande for begge to. Her kan du lese om kva som møter deg på fødeavdelinga og kva som skjer under ei fødsel.
Meir om kva som skjer før, under og etter fødselen