Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par personer på et kjøkken

Medisinske obduksjoner

Obduksjonsverksemda er ein kvalitetskontroll av helsevesenet sin diagnostikk, behandling og pleie. I kvart tilfelle er det eit mål å avklare dei relevante medisinske problemstillingane og spesielle problemstillingar reist av rekvirenten.

Verksemda skal bidra til systematisk registrering av sjukdomsførekomstar og dødsårsaker, ein høgast mogeleg obduksjonsrate er difor ønskeleg. Avdeling for patologi vil normalt kunne utføre obduksjon i alle tilfelle der det vert rekvirert, med få unntak.

Obduksjon inneber ei utvendig og innvendig undersøking av kroppen etter døden. Formålet er å etterkontrollere:

  • Sjukdommar avdøde leid av
  • Sjukdommen si utbreiing
  • Kva sjukdommen betydde for helsetilstanden til avdøde
  • Effekten av behandlinga
  • Dødsårsaka 

Resultata blir registrert i eit nasjonalt dødsårsaksregister. Ein påliteleg dødsårsaksstatistikk er avhengig av at talet på obduksjonar er høgt, og representerer eit breitt og representativt utval av folkesetnaden. Sett i lys av dette er det urovekkjande at obduksjonsfrekvensen er synkande; i 1985 vart 20% av alle døde obdusert, medan talet i 2024 var på berre 3,6% for medisinske obduksjoner og i overkant av 5% for rettsmedisinske obduksjonar.

Det er godt dokumentert både i Noreg og internasjonalt at medisinske obduksjonar i omlag 10% av høva avdekker viktige sjukdomsforhold som ikkje var kjent før pasienten døydde. Obduksjonar vil difor opne for fagleg ettertanke og diskusjon, samt avdekke diagnostisk treffsikkerheit og verknaden av behandlinga (kvalitetssikring på individnivå). På denne måten vil obduksjon tene som eit korrektiv til framtidig behandling av pasientar med liknande sjukdomsbilete. Målsetjinga er også at den totale obduksjonsverksemda skal fungere som etterkontroll og overvaking av den diagnostiseringa, behandlinga og pleia som helsevesenet vårt til ei kvar tid utfører (kvalitetssikring på systemnivå).

Sist, men ikkje minst, speler obduksjonar ei viktig rolle i opplæring av framtidige patologar. For å bli spesialist i patologi er eitt av krava at ein skal ha utført minst 120 obduksjonar, dette for å sikre tilstrekkeleg og variert erfaring med korleis både sjuke og friske organ ser ut. Både i Noreg og Europa er det mangel på patologar. Det er difor ei urovekkjande utvikling at synkande obduksjonsfrekvens kan bli ein flaskehals i spesialiseringsløpet for patologar.

Medisinske obduksjonar er obduksjon av personar som døyr på eller utanfor sjukehuset, desse blir rekvirert av lege, og er obduksjonar der politiet ikkje krev rettsmedisinsk obduksjon.  Det kan bli begjært rettsleg obduksjon på både obduksjonar frå sjukehuset og utanfor sjukehuset.

Årleg vert det utført rundt 300 medisinske obduksjonar ved Haukeland Universitetssjukehus. 

Det er alltid to legar som har ansvar for ein obduksjon, ein lege i spesialisering og ein overlege. Ein obduksjon tar omkring 2 timar. Alle ytre skader og forandringar vert skildra. Deretter undersøker ein dei indre organa, inklusiv hjernen. For helsepersonell er det viktig å hugse at dødsfall som kan skuldast feil, forsømming eller uhell ved undersøking eller behandling av sjukdom eller skade, rutinemessig skal meldast til næraste politikammer eller lensmannskontor.

Før obduksjon gjennomgår patologen tilgjengeleg informasjon om det aktuelle tilfellet, og sjukejournalen blir lese grundig.

Først gjer ein ei utvendig undersøking som inkluderer lengde og vekt. Patologen noterer alle ytre teikn på medisinsk behandling, sjukdom eller skade, til dømes operasjonsarr/-sår, utslett, fargeforandring i huda, blåmerke og stikkmerke. Deretter følgjer den innvendige undersøking av dei indre organa ved inspeksjon, palpasjon og disseksjon.

Representative vevsprøvar vert tekne frå nokre standardområde, samt område der det er mistanke om sjukdom. Om situasjonen krev det, kan ein også ta prøvar av blod og urin, desse blir til dømes sendt til biokjemisk eller rettstoksikologisk undersøking. Det kan også vere aktuelt å ta prøvar til mikrobiologisk undersøking for påvising av smitte, eller ta miltvev, blod eller vev fra akillessena for å sikre genetisk materiale.

Vevsprøvane som er tatt ut følger så framførings- og fargeprosedyren til biopsiar på Seksjon for biopsi. Deretter blir vevsprøvane undersøkte mikroskopisk. Obduksjonsfunna blir oppsummerte i ein skriftleg rapport som blir sendt til den som rekvirerte obduksjonen.
 

Svarrapporteringstid:
Vi tilstrebar at førebels obduksjonsrapport blir sendt til rekvirenten innan ein verkedag etter at obduksjonen er utført.

Obduksjonsrapporten vil som regel ta fleire veker før sluttføring. Målet er at 95% av dei endelege obduksjonsrapportane skal vere ferdigstilte innan 40 verkedagar.

Ved obduksjon av foster blir det tilstreba å ha obduksjonsjournalen ferdig i løpet av 40 verkedagar, slik at journalen er klar når kvinna kjem til etterkontroll.

Vil obduksjonen forseinka gravferda?

Som regel vil ein obduksjon ikkje ha noka betydning for tidspunktet for gravferda.

Obduksjonen blir som regel utført på formiddagen første arbeidsdag etter dødsfallet. Den avdøde kan derfor tidlegast hentast av gravferdsbyrået same ettermiddag. Av og til må obduksjonen av praktiske grunnar utsetjast. Sjukehuset kan også utsetja obduksjonen viss pårørande ønskjer meir tid. Gravferdsbyråa har dialog med avdelinga for avtale om uthenting.

 

Handtering av vev, vev til forsking og undervisning

Når obduksjonen er ferdig, blir organa førte tilbake i kroppen og opningane blir lukka. Små vevsbitar som blir tekne ut til undersøking i mikroskop, blir tekne vare på ved Avdeling for patologi. Av og til vil det vera nødvendig å undersøkja delar av, eller heile organ for grundigare undersøkingar. Desse organa kan då ikkje leggjast tilbake i kroppen, men blir i ettertid kremert. Viss sjukehuset vil ha moglegheit for å nytte materiale frå obduksjonen til seinare undervisning eller til forsking, skal pårørande informerast og givast moglegheit for å reservera seg særskilt. Viss vev skal brukast til undervisning og forsking, kan det ikkje leggjast tilbake i kroppen. Det blir i ettertid kremert, eller handtert i samsvar med aktuell REK-godkjenning.

 

Minnelund

Før på følgende setning nederst under dette kapittelet: Obduksjon av foster/dødfødde barn/barn døde i perinatal perioden

Pårørande vel sjølv om dei ønskjer gravferd, minnelund med namn eller anonym minnelund til fostera deira/barnet.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finner oss i 1. etasje i sentralblokka på Haukeland.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Åpningstider

  • I dag STENGT

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Vil obduksjonen forseinka gravferda?
Som regel vil ein obduksjon ikkje ha noka betydning for tidspunktet for gravferda.

Obduksjonen blir som regel utført på formiddagen første arbeidsdag etter dødsfallet. Den avdøde kan derfor tidlegast hentast av gravferdsbyrået same ettermiddag. Av og til må obduksjonen av praktiske grunnar utsetjast. Sjukehuset kan også utsetja obduksjonen dersom pårørande ønskjer meir tid til å tenkje seg om, men når avgjerda er tatt, må vi få rask beskjed om dette. Gravferdsbyråa har dialog med avdelinga for avtale om uthenting.

I samsvar med Obduksjonslova - Lov om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forskning §7 skal dei pårørande informerast om moglegheita for at det blir gjort obduksjon og om moglegheita for å nekte. Annan nyttig informasjon om obduksjon kan ein finne i brosjyren Informasjonsbrosjyre til pårørende om obduksjon.

 

Handtering av vev, vev til forsking og undervisning
Når obduksjonen er ferdig, blir organa førte tilbake i kroppen og opningane blir lukka. Små vevsbitar som blir tatt ut til undersøking i mikroskop, blir tatt vare på ved Avdeling for patologi. Av og til vil det vera nødvendig å undersøkja delar av, eller heile organ for grundigare undersøkingar. Desse organa kan då ikkje leggjast tilbake i kroppen, men blir i ettertid kremert. Dersom sjukehuset vil ha moglegheit til å nytte materiale frå obduksjonen til seinare undervisning eller til forsking, skal pårørande informerast og gis moglegheit for å reservera seg særskilt. Dette materialet blir også sendt til kremasjon.

 

Minnelund:
Pårørande vel sjølv om dei ønskjer gravferd, minnelund med namn, eller anonym minnelund til fosteret/barnet deira.