Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb hos oss - Radiologisk avdeling

Kunne du tenke deg å jobbe i eit høgteknologisk miljø med hyppige pasientmøter? Radiologisk avdeling har mange dyktige medarbeidarar, men vi treng fleire! Vi rekrutterer stadig nye legar, radiografar, fysikarar, kjemikarar, helsefagarbeidarar og merkantilt personell til eit aktivt og spennande arbeidsmiljø.

Vil du jobbe hos oss?

I Radiologisk avdeling jobbar eit breitt samansett team av fagpersonar med høg kompetanse innan bildediagnostikk og pasientbehandling. Her finn du:

  • Radiologar og nukleærmedisinarar (legar) som er tilsett i Radiologisk avdeling og spesialiserte legeseksjonar.
  • Radiografar som utfører undersøkingar og pasientnært arbeid på tvers av alle modalitetar – CT, MR, røntgen, PET, nukleærmedisin, ultralyd og intervensjon.
  • Helsesekretærar og merkantilt personell som bidreg til effektiv pasientlogistikk og dokumentasjon.

I tillegg har vi mellom anna fysikarar, kjemikarar, farmasøyter, helsefagarbeidarar, forskarar, og leiarar som støttar både klinisk drift og forsking.


Radiologisk avdeling har om lag 370 tilsette, og vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med høg fagleg kvalitet, godt arbeidsmiljø og stort mangfald i roller og kompetanse

En CT-maskin der seks personer i sykehusklær poserer sammen sittende på CT-benken eller stående bak.

Ta gjerne kontakt om du er interessert i å jobbe hos oss

Jens Olander Prahl
Konstituert seksjonsleder lege
jens.olander.prahl@helse-bergen.no
55970914

Richard Ban
Assisterende seksjonsleder lege
richard.ban@helse-bergen.no
55976485

 

Slik jobbar vi i Radiologisk avdeling


Radiologisk avdeling ved Helse Bergen har ei sentral rolle i diagnostikk og behandling, og leverer bildediagnostikk av høg kvalitet til heile sjukehuset. Pasientar blir vurdert og prioritert etter hastegrad, og ved akutte tilstandar blir undersøkingar gjennomført umiddelbart i tett samarbeid med kliniske avdelingar.

Radiologisk avdeling er fordelt på fleire lokasjonar, i Sentralblokka, i Glasblokkene, i Parkbygget, på Kysthospitalet i Hagevik, på Voss sjukehus, på Skadepoliklinikken ved Bergen Helsehus, og me har også lokaler på Haraldsplass diakonale sykehus. 

Avdelinga har ein avansert utstyrspark:

  • 8 CT-maskiner, inkludert fotontellande CT
  • 9 MR-maskiner
  • PET-senter med 2 PET-CT og 1 PET-MR, 2 SPECT-CT
  • Røntgen og ultralyd på alle lokasjonar

Radiologisk avdeling er rekna som landets fremste radiologiske forskingsinstitusjon, Avdelinga huser Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV)
Gjennom kontinuerleg utvikling, forsking og samarbeid med kliniske miljø, bidreg radiologisk avdeling til trygg og effektiv pasientbehandling .

Kven jobbar her og kor jobbar vi? 

 

Radiologisk avdeling i media:

Røntgen på hjul

Maskina som skal hjelpe barn – NRK Vestland

Håper dette kan hjelpe mot de dødeligste hjernegåtene (tv2.no)

AI-revolusjonen Snart kan Julie slippe «drittjobbene» (tv2.no)

Sist oppdatert 22.10.2025