Pasient og sjukepleiar ved innsjekkingsautomaten i poliklinikk. Foto

Revmatologisk poliklinikk

Revmatologisk poliklinikk tilbyr utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar med revmatiske symptom og sjukdommar som ikkje treng innlegging i sjukehus.

Revmatologisk poliklinikk held til i 3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukelandsområdet. Poliklinikken er delt inn i:


På poliklinikken arbeider legar, sjukepleiarar, helsesekretærar, hjelpepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Farmasøyt og revmaortoped er også knytt til poliklinikken. Vi utfører ultralyddiagnostikk av revmatologiske tilstandar i ledd, sener, spyttkjertlar og blodårer. 

Revmatologisk avdeling har overlegar i revmatologi og legar i utdanningsstillingar (LIS - lege i spesialisering). Dette medfører at enkelte legar er tilsette i kortare periodar. Dei fleste legane rullerer mellom ulike oppgåver (til dømes sengepost, poliklinikk og forsking). Sjølv om vi har kontinuitet som mål kan ikkje pasientar alltid følgjast opp av den same legen på poliklinikken.

Oppfølging av pasientar skjer i samarbeid med primærhelsetenesta.

Vi har eit osteoporosesenter der ein ved hjelp av beintetthetsmåling utgreier osteoporose (beinskjørheit). Vi gir råd om medisinsk behandling for osteoporose til fastlegen. Nokre pasientar med alvorleg osteoporose får tilbod om tverrfagleg vurdering og behandling.

infusjonspoliklinikken får pasientar medikament som må settast intravenøst (rett i blodåra). Vi behandlar både revmatiske sjukdommar og osteoporose.

Nokre pasientar får tilbod om tverrfagleg poliklinisk utgreiing (TPU). Dette gjeld dei med samansette problemstillingar som treng vurdering av fleire yrkesgrupper (lege, fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar). Vi har også tverrfaglege pasientforløp ved nydiagnostisert artrittsjukdom (revmatoid artritt, spondyloartritt, psoriasisartritt).

Informasjon til deg som har time på Revmatologisk poliklinikk

  • Møt opp i god tid
  • Det er fint om du tenker gjennom kva du vil legge fram for behandlaren slik at du får godt utbytte av konsultasjonen
  • Vi tilrår å bruke offentleg transport til og frå undersøking/behandling. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentlege transportmidlar må det godkjennast av behandlar at du eventuelt skal få drosje (samkøyring). For meir informasjon om pasientreiser, sjå http://www.pasientreiser.no eller ring 91 50 55 15.
    Dersom du vel å bruke eigen bil og parkere på sjukehusområdet ber vi deg om å vere ute i god tid då det kan vere vanskeleg å finne ledige parkeringsplassar.
  • Dersom du ikkje kan møte til oppsett tid må du snarast melde frå på telefon: 55 97 54 00 
  • Avbod mindre enn 24 timer før timen vil bli belasta med pasientgebyr for manglande oppmøte / avbestilling.

Ta med deg:

  • Liste over alle medisinar som du tar
  • Oversikt over undersøkingar du ev. har fått utført andre plassar (t.d. røntgen)

Seksjonsleiar: Sjukepleiar Kristin Selseng Soltveit

Kontakt

Telefon

Ved spørsmål / endring av time

55 97 54 00
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Sjukepleiar

55 97 54 19
  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 08:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
(telefontid 08.00-10.00 og 13.30-14.30) : 55 97 54 19 / 20

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Leddgikt - RA
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Leddgikt - RA
    26.
    august
    2024
    2 dagar
  • Sjøgren
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Sjøgren
    19.
    september
    2024
    2 dagar
  • Bekhterev (Spondyloartritt)
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Bekhterev (Spondyloartritt)
    29.
    oktober
    2024
    2 dagar