Ta med liste over medisinar du bruker.
Fjern dekkande sminke før du kjem inn til legen.
Akne (kviser) er ein vanleg hudsjukdom, særleg i ungdomsåra. Lett til moderat akne blir behandla av fastlege, først og fremst med lokale middel som blir påsmurde huda direkte, eventuelt med tablettkurer (antibiotika). Dette gjeld dei fleste pasientane med akne.
Alvorleg akne går djupare i huda og kan føre til varig danning av arr. Ved denne typen akne er tidleg tilvising til hudlege viktig sidan det kan vere aktuelt med behandling med Isotretinoin.
Det er først og fremst ved alvorleg akne det er aktuelt med tilvising til hudlege. Denne informasjonen omfattar derfor hovudsakleg behandling med Isotretinoin.
Fastlegen sender tilvising til hudlege, vanlegvis etter at vanleg aknebehandling er prøvd ut. Ved akutt og alvorleg akne vil det vere aktuelt for fastlegen å tilvise pasienten direkte til hudlege utan å sette i verk behandling først.
Ta med liste over medisinar du bruker.
Fjern dekkande sminke før du kjem inn til legen.
Hudlegen vil snakke med deg og undersøke huda di nøye. Før oppstart av behandling med Isotretinoin er det nødvendig med blodprøver for å kontrollere leverprøver og feittstoff i blodet, sidan dette kan påverkast av behandlinga.
Isotretinoin blir gitt som ein kur og strekker seg over fleire månader. I denne perioden vil det vanlegvis vere nødvendig med eit par kontrollar hos hudlegen.
Pasientar med kvinneleg biologisk kjønn må bruke sikker prevensjon i heile behandlingsperioden og i minst éin månad etter avslutta kur.
Alle må ta kontrollprøver med jamne mellomrom under behandlinga. Kvinner må i tillegg ta månadleg graviditetstest, sjå under.
Dei aller fleste pasientane vil ha behov for fuktkrem på grunn av tørr hud under behandlinga. Hudlege kan hjelpe til med å velje ein eigna krem utan for høgt feittinnhald.
Pasientar som blir behandla med Isotretinoin er også meir kjenslevare for sollys. Følg råda frå hudlegen ved val av solkremar.
Isotretinoin har ein del biverknader. Det er viktig at du les pakningsvedlegget nøye.
Medikamentet er fosterskadeleg og alle kvinner som bruker Isotretinoin må bruke sikker prevensjon i heile behandlingstida og i minst 1 månad etter at kuren er avslutta. I tillegg må dei ta graviditetstest i blod, kvar månad under behandlinga.
Ved negativ graviditetstest ved blodprøvetaking får du ny resept for éin månads forbruk av medisin. Resepten er gyldig i 7 dagar etter at resepten er skriven ut.
Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Jonas Lies vei 73