Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Akne

Akne (kviser) er ein vanleg hudsjukdom, særleg i ungdomsår. Lett til moderat akne blir behandla av fastlege, først og fremst med lokale midlar som påsmøres huda direkte, evt. med tablettkurer (antibiotika). Dette gjeld dei fleste pasientane med akne.

Kviser er vanligst blant tenåringer, men kan også ramme voksne. Opplever du kvisene som skjemmende, finnes det behandlinger som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Alvorlg akne går djupare i huda og kan føre til varig arrdanning. Ved denne typen akne er tidleg tilvising til hudlege viktig sidan det kan vere aktuelt med behandling med Isotretinoin.

Det er først og fremst ved alvorleg akne det er aktuelt med tilvising til hudlege, og denne informasjonen omfattar derfor hovudsakleg behandling med Isotretinoin.

Tilvising og vurdering

Fastlegen sender tilvising til hudlege, vanlegvis etter at vanleg akne-behandling er utprøvd. Ved akutt og alvorleg akne vil det vere aktuelt for fastlegen å tilvise pasienten direkte til hudlege utan å sette i verk behandling først.

Tilvisinga må innehalde opplysingar om:   
  • debut
  • varigheit 
  • utbreiing
  • effloresenser (komedonar, papler, pustler, noduli, cyctiske lesjonar), 
  • arrdannlse
  • evt. utgreiing og tidlegare behandling
  • symptom og påverknad av livskvalitet

Utredning

Ta med oppdatert medisinliste til timen din. 

Dekkande sminke må fjerast før du kjem inn til legen.

Behandling

Hudlegen vil snakke med deg og undersøke huda di nøye. Før oppstart av behandling med Isotretinoin er det nødvendig med blodprøver for å kontrollere leverprøver og feittstoff i blodet sidan dette kan påverkast av behandlinga.

Isotretinoin blir gitt som ein kur over fleire månader. I denne perioden vil det vanlegvis vere nødvendig med eit par kontrollar hos hudlegen.

Kvinnelege pasientar må i tillegg bruke sikker prevensjon i heile behandlingsperioden og dessutan i minst ein månad etter avslutta kur. 

Oppfølging

Blodprøver

Alle må ta kontrollprøvar med jamne mellomrom under behandlinga. Kvinner må i tillegg ta månadleg graviditetstest, sjå under.

Fuktkrem

Dei aller fleste pasientane vil ha behov for fuktkrem på grunn av tørr hud under behandlinga. Hudlege kan hjelpe til med å velje ein eigna krem utan for høgt feittinnhald.

Følsom for sollys

Pasientar som blir behandla med isotretinoin er også meir følsomme for sollys. Følg råda frå hudlegen ved val av solkremar.

Ver merksam

Isotretinoin har ein del biverknader. Det er viktig at du les pakningvedlegget nøye.

Medikamentet er skadeleg for foster og alle kvinner som bruker Isotretinoin må bruke sikker prevensjon i heile behandlingstida og i minst 1 månad etter at kuren er avslutta. I tillegg må kvinner ta graviditetstest i blod kvar månad under behandlinga.

Ved negativ graviditetstest etter blodprøvetaking får du ny resept for éin måneds forbruk av medisin. Resepten er gyldig i 7 dager etter at resepten er skriven ut.

Kontakt

Hudbygget Hudavdelinga

Kontakt Hudavdelinga

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Hudbygget

Jonas Lies vei 73

Transport

​Det er parkering utanfor Hudbygget på sjukehusområdet, innkøyring ved Haukeland hotell. Det er begrensa parkeringsplassar, og vi tilrår at du brukar offentleg transport til og frå undersøkinga/behandlinga om mogleg. Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan bruke offentleg transportmidlar, må du få godkjenning av behandlar på at du skal få drosje (samkøyring). Sjå nettsida pasientreisar.no​ for meir informasjon eller ring 05515.

Om du ønskar å kjøyre sjølv og vil parkere på sjukehusområdet, gjer vi merksam på at det er nokre få parkeringsplassar mot parkeringsavgift utanfor Hudavdelinga. Pasientar som er innlagt i minimum 7 dagar kan få tilbod om å kjøpe parkeringskort for kr 350,- pr veke. Snakk med postsekretær i sengeposten om dette.

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du betaler ikkje noko når du er innlagt på dagpost/hotell eller i sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.

Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:

  • lysbehandling
  • sårskift
  • grensestrålebehandling
  • iontoforese
  • smøre- og badebehandling (inkl. behandling av hovudbotn)
  • eksem-skule / handeksem-skule

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velge å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/uten ekstra kostnader for deg. Du kan og betale med kort/kontakt i resepsjonen i Sentralblokka. 

Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

  • Ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt bruker
  • Ver vennleg å opplyse om kven som er fastlegen din når du møter til undersøking / behandling hos oss
  • Har du frikort, ber vi om at du tar dette med og viser det til helsesekretæren i ekspedisjonen om du skal til poliklinisk undersøking

Det er lov til å bruke eigen mobiltelefon under opphaldet, men vi ber om at du viser omsyn til andre pasientar som ein deler rom med. Om du ønsker, kan du ta med eigen berbar PC som du kan kople til vårt gjestenett.

Skal du innleggast på sengepost eller pasienthotell må du ta med deg toalettsaker, klede, innesko o.l. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdisaker, så vi ber om at du ikkje tar med deg dette ved innlegging.

Du må gjerne ha med deg pårørande til utskrivingssamtale.

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​For å bli utgreidd / behandla ved Hudavdelinga må ein bli tilvist av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising blir denne vurdert av seksjonsoverlege hos oss, og innan 10 verkedagar vil vi sende ut brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på dagpost / hotell eller sengepost.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Ventetida varierer ut frå kor alvorleg sjukdommen er eller hastegrad, og vil variere frå pasient til pasient.

Om sjukdommen blir forverra i ventetida, er det viktig at du kontaktar fastlege / tilvisande lege. Fastlege / tilvisande lege må då sende utfyllande opplysningar til avdelinga som vil avgjere om ventetida skal endrast.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.