Undersøking
Allergitest (epikutantest)
Ved epikutantest, også kalla lappetest, legg vi testmateriale i små kammer direkte på huda, vanlegvis på ryggen. Testen blir brukt ved mistanke om allergi mot stoff som kjem i kontakt med hud. Testmaterialet skal ligge på i 48 timar. Testen blir lest av etter 72 timar, i nokre tilfelle også etter fem til sju dagar.Introduksjon
Før
Du må ikkje smøre huda på ryggen med kortisonkremar dei siste to til tre vekene før testen skal bli lagt på. Dersom du bruker Prednisolon-tablettar over 10 mg per dag, kan du ikkje ta testen. Du bør ikkje ha fått sol på ryggen dei siste fire vekene før testen blir lagt. Dersom du mistenker at du reagerer på spesielle produkt (kosmetikk, kremar o.l.), kan du ta med desse til konsultasjonen.
Under
Testkammera/testmaterialet blir tapa fast med plaster på ryggen. Vanlegvis blir testområda markerte med tusj. Av og til plastrar vi ein liten bit av stoffet vi mistenker allergi mot, direkte på huda.
Prosedyren kan ta opptil ein halvtime, avhengig av kor mange testar som skal bli lagt.

Illustrasjonsbilete som viser korleis testen blir festa og merka på huden. Foto: Oslo universitetssykehus
Etter
Forholdsreglar før avlesing hos hudlege:
- Unngå kroppsleg aktivitet som framkallar sveitte.
- Du må ikkje bade/dusje eller vaske hudområdet der tapen er festa, i tida før du skal til lege for avlesing av testen.
- Ikkje utsett testområdet for sol.
- Unngå å klø på hudområdet der testen ligg.
- Unngå store bevegelsar og gnissing mot testområdet (plasteret kan losne).
Testen blir lest av på poliklinikken eller hos tilvisande hudlege. Når testen er lest av, vil du få informasjon om allergi er påvist eller ikkje, og ev. kva produkt du bør unngå å komme i kontakt med. Dei fleste treng ikkje oppfølging på sjukehus.
Ver merksam
Det er sjeldan med komplikasjonar etter epikutantesting. I nokre tilfelle kan reaksjonen på testmaterialet bli så kraftig at utslettet må bli smurt ned med sterke lokale steroid i nokre dagar for å dempe kløe.
Kontakt
Hudbygget
Hudavdelinga
Kontakt Hudavdelinga
Oppmøtestad
Du finn hudavdelinga i det som heiter Hudbygget på sjukehusområdet til Haukeland universitetssjukehus.Hudbygget
Jonas Lies vei 73