Førebuingar
For alle undersøkingar ved angio / intervensjon gjeld følgjande:
- Alle pasientar skal ha tatt blodprøve for kontroll av nyrefunksjon, GFR og kreatinin. Prøven skal ikkje vere eldre enn sju dagar.
- Pasienten må faste minimum 6 timar.
- For pyelostomi (innlegging og skifte) gjeld 4 timar faste.
- Klare væsker kan drikkast inntil 2 timar før undersøking.
Ved bruk av Marevan® skal INR vere regulert på førehand. Blodprøve tas samme dag og svar må foreligge før undersøking. INR skal vere 2,0 eller mindre.
Dei blodfortynnande medikamenta Pradaxa®, Xarelto® og Eliquis® skal ikkje tas siste 24 timar før undersøking. Ved nedsett nyrefunksjon og GFR < 50 skal Pradaxa ikkje tas siste 48 timar.
Ved diabetes skal medikamenta Metformin®, Glucophage®, Avandamet®, Competact® og Janumet® ikkje tas 2 dagar før undersøkinga.
Dersom blodprøve du har teke i løpet av dei siste sju dagar viser normal nyrefunksjon, kan medisinen tas som normalt. Ved nedsett nyrefunksjon skal desse preparata heller ikkje tas i etterkant av undersøkinga. I dette tilfellet må nyrefunksjonen kontrollerast med blodprøve også etter behandling, før oppstart av aktuelle medikament. Om det gjeld deg vil du få nærare informasjon. Insulin tas som normalt. Pasientinformasjon Metformin
Andre faste medisinar tas som normalt, hugs å ta med medikamentliste.
Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan®, Xarelto®, Pradaxa® eller Eliquis®.
Før du kjem til oss
Pasientar til undersøking av blodårene har vore til forundersøking hjå lege og vert lagd inn på sengepost i forkant av undersøkinga. Du vil der frå informasjon om den planlagde behandlinga.
- Du må vere fastande.
- Det vil bli lagd inn veneflon i armen, og aktuelle blodprøvar vert tekne.
- Du vert køyrd i seng til undersøkelsesrommet på Radiologisk avdeling.
- Hugs å ta med deg liste over faste medisinar du brukar.
- Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
- Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan, Xarelto, Pradaxa eller Eliquis.