Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Ankelprotese

Pasientar som har eit øydelagt ankelledd som følge av artrose, leddgikt eller tidlegare skadar vil bli vurdert med tanke på operativ behandling.

Dersom ein mener ein operasjon er nødvendig vil nokon pasientar bli tilbydd protese, medan andre vil få avstiving av ankelleddet. Dei to inngrepa har sine fordelar og ulempar som vil bli diskutert nøye med deg.

Operasjon med ankelprotese er ein relativt sjeldan operasjon (færre enn100 per år i Noreg), og resultata er ikkje fullt så gode som med protesar i hofte og kne.

Sjølve prosedyren inneber at ein fjernar noke bein på begge sider av ankelleddet og erstattar leddet med ein bevegeleg leddprotese av metall og plast som skal gro fast i beinet.

Før

Det er viktig at du held deg i aktivitet heilt fram mot operasjonen. Om du ikkje har fått beskjed om noko anna, så bør det vonde leddet bli  bevega og belasta så godt det lar seg gjere. Dette gjer knoklane sterkare og gjer opptreninga etter operasjonen enklare.

Førebygging av infeksjon

Infeksjon er ein frykta komplikasjon til protesekirurgi. Desse tiltaka kan minske risikoen:

  • Eit variert og næringsrikt kosthald i forkant av operasjonen
  • Dersom du røyker bør du slutte, eller i alle fall redusere forbruket frå 4 veker før operasjonen til såret er heilt grodd 3-4 veker etter operasjonen. Det same gjeld dersom ein har eit overforbruk av alkohol.
  • Dersom du har sukkersjuke (diabetes) må du vere ekstra nøye med å kontrollere og regulere blodsukkeret i forkant av operasjonen, gjerne i samråd med fastlegen.
  • Pågåande infeksjonar (f.eks. naglerotsbetennelse, urinveisinfeksjon, hudinfeksjon, tannrotsbetennelse eller lignande) eller opne sår - aukar sjansen for å få infeksjon i proteseleddet. Slike infeksjonar må derfor vere ferdigbehandla i god tid før operasjonen.

Medikament

Nokre medikament skal stoppast eit antall dagar eller veker før operasjonen. Dette vil du få beskjed om ved førebuande undersøkingar før operasjonen. 

Oftast blir det nytta spinalbedøvelse ved denne type kirurgi, men iblant blir det naudsynt med narkose. Då må du faste. 

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.

Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

 

Under

Nokre veker før operasjonen vil du møte ein anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Du vil få informasjon om kva som skal gjerast, kva for eit resultat du kan forvente av operasjonen, og om potensielle komplikasjonar knytta til operasjonen og bedøvinga.

Om du er usikker på om du ønsker operasjonen, må du formidle dette tydeleg til kirurgen. Det er ikkje for seint å ombestemme seg, og ved usikkerheit kan ofte være fornuftig å utsette operasjonen.

På operasjonsdagen vil du bli følgt til operasjonsavdelinga. Her vil du bli tatt i mot ein anestesisjukepleiar som fører deg vidare. Den vanlegaste bedøvinga ved operasjoner i beina er ryggbedøving (spinal).

Operasjonen varer i 1-3 timar avhengig av metode. Like før, under og etter operasjonen får du antibiotika for å førebygge infeksjon. Når operasjonen er ferdig vil det bli lagt på ein gipsbandasje frå tåballar til øvst på leggen.


Etter operasjon

Når operasjonen er ferdig blir du liggande på Oppvakninga i nokon timar medan bedøvinga går ut av kroppen. Etterpå blir du flytta til sengepost.

Det er svært viktig at ein kjem seg raskt på beina etter proteseoperasjonar. Fysioterapeutar vil instruere deg og hjelpe deg i gong, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dersom du kjem deg raskt på beina er faren for komplikasjonar som infeksjonar og blodpropp mindre. Du vil få behandling med smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.

Etter

Trening og bevegelse

Etter operasjonen er ankelen gipsa inn slik at bevegelsestrening av leddet ikkje er aktuelt. Treninga på sjukehuset består i å øve på å gå med krykker eller anna ganghjelpemiddel. Vanleg etterbehandling vil innebere at du blir utskriven med gips og beskjed kor mykje du får belaste den opererte foten.

Kontrollar

Etter ca. 3 veker vil du bli kalt inn til sjukehuset for å ta av gipsen, sjekke operasjonssåret, fjerne sting og få på ein ny gips. Oftast vil du då kunne belaste foten litt meir fram til neste kontroll som er totalt 6 veker etter operasjonen.

Då tar vi også røntgenbilde, og om det ser fint ut vil du då få lov til å ha full belastning av foten utan gips. Ein startar då med bevegelsestrening, gjerne med hjelp av ein fysioterapeut.

Liggetiden etter ein operasjon vil vere individuell og variere frå 2 til 5 dagar. Dei fleste skal bruke sprøytar med blodfortynnande medikament i 1-2 veker samt smertestillande medikament i avtrappande dosar etter utreise.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar:

  • Infeksjon. Vi gjer vårt beste for å førebygge infeksjon, men det skjer likevel hos ein liten andel av pasientane. Teikn på infeksjon er:
    • Raudfarge, hevelse og varme i huda. Dette vil du ikkje kunne sjå på grunn av gipsbandasjen.
    • Væske frå såret kan evt. sjåast dersom gipsen blir blaut
    • Aukande smerter
    • Feber
    • Generell sykdomsfølelse
    • Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset.
  • Blodpropp kan skje. Du kan redusere risikoen ved å vere mykje i aktivitet (bevege tær og kne) samt å bruke dei føreskrivne blodfortynnande medikamenta.
  • Nerveskade kan skje under inngrepet. 


Ikkje alle blir nøgd sluttresultatet. Nokon vil ha meir smerter etter operasjonen enn dei førestilte seg, og nokon er misnøgd med evna til bevegelse. Man kan ikkje regne med at bevegelsen blir betre av operasjonen, men dei fleste beholder den bevegelsen dei hadde frå før.  20-30 % av dei som blir opererte med ankelprotese blir operert igjen med skifte eller fjerning av protesen ein eller annan gong før 10 år etter operasjonen.

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

1-3 veker før operasjon vil du møte anestesilege og kirurgen som skal operere deg på Preoperativ poliklinikk.
På operasjonsdagen blir du følgt til operasjonsavdelinga frå sengepost, og anestesisjukepleiar tar deg vidare.
Etter operasjonen bli du liggande på oppvakninga nokon timar, før du bli flytta tilbake på sengeposten i 7. etasje i Sentralblokka.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling: 


Utreiseinformasjon.pdf

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.