Ved familiær hyperkolesterolemi (FH) er både kosthald, livsstil og medisinar ein del av behandlinga. For dei aller fleste med FH er det nødvendig å bruke medisinar for å redusere kolesterolnivået i blodet tilstrekkeleg. Kosthald og livsstil har også betydning for kolesterolnivået i blodet, og eit kolesterolsenkande kosthald er derfor ein del av behandlinga.
Høgt kolesterol over tid aukar risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom. Med medisinar, hjartevennleg kosthald og livsstil som senkar kolesterolet, blir den totale kolesterolbelastninga gjennom livet lågare. Då blir også risikoen senka for å få hjarte- og karsjukdom, og risikoen ser då ikkje ut til å bli høgare enn hos dei som ikkje har FH.
Behandlinga av FH er livslang. Det er vanleg med time ved ein lipidpoliklinikk med 1–3 års mellomrom. I tillegg er det viktig at du blir følgd opp hos fastlegen din.
Medisinar
Det finst ulike typar medisinar som reduserer kolesterolet. Iblant er det også nødvendig å nytte fleire samtidig for å redusere kolesterolet tilstrekkeleg. Legen finn fram til den som passar deg best.
Det mest vanlege kolesterolsenkande medikamentet er statinar, som finst i ulike typar og dosar.
Døme på statinar er Atorvastatin(Lipitor), simvastatin (Zocor), pravastatin (Pravachol), rosuvastatin (Crestor), fluvastatin (Lescol), lovastatin (Lovastatin).
Andre medisinar som senkar kolesterolet er ezetimib (Ezetrol) og PCSK9-hemmere (Praluent, Repatha). Dei ulike medisintypane har ulike virkemåtar, og alle senkar kolesterolet i blodet effektivt.
Kosthald
Kosthald og livsstil har noko å seie for kolesterolnivået i blodet. Du kan senke kolesterolet i blodet ved å ha eit hjartevennleg kosthald.
Eit høgt inntak av metta feitt er ugunstig sidan det fører til at kroppen dannar meir kolesterol og kolesterolet i blodet aukar dermed ytterlegare. Eit kosthald med lågt innhald av metta feitt er derfor vesentleg. Det er i tillegg gunstig med eit høgt inntak av frukt/bær og grønsaker, fiberrike matvarer og velje matvarer rike på umetta feitt. Du bør ha eit lågt inntak av sukkerrike mat- og drikkevarer. Å byte ut matvarer med mykje metta feitt til magre variantar og byte til matvarer med umetta feitt kan senke kolesterolet stort, og igjen redusere risikoen for hjarte- og karsjukdom.
Vi tilrår at du legg om kosthaldet ditt dersom du ikkje allereie har gjort det. Kosthaldsråda baserer seg på nasjonal og internasjonal forsking omgjord til praktiske råd. Endringar i kosthaldet kan gi reduksjon av kolesterolet i løpet av få veker.
Praktiske råd for eit hjartevennleg kosthald
Vel magre meieriprodukt og magert kjøtt
- Reduser inntaket av metta feitt. Metta feitt finst det mykje av i feite meieriprodukt og feitt kjøtt. Vel dei magre produkta, reint kjøtt og kylling utan skinn. Avgrens inntaket av smør, hard margarin, kaker, kjeks, hurtigmat, ferdigmat og snacks.
Vel feit fisk, flytande margarin/olje og nøtter
- Vel matvarer med umetta feitt. Umetta feitt er feitt frå plante- og fiskeriket. Olivenolje, rappolje, solsikkeolje, mjuke/flytande plantemargarinar, nøtter, avokado og feit fisk er gode kjelder til umetta feitt.
Et rikeleg med frukt og grønsaker dagleg, og vel grove kornprodukt
- Varier med ulike typar frukt, ber og grønsaker – til saman 5 porsjonar eller ei mengd tilsvarande 5 nevar dagleg.
- Vel brød med 3–4 skraverte felt på brødskalaen som er merkt på brødposen, eller brød med meir enn 6 gram fiber per 100 gram.
- Vel kornblandingar med meir enn 10 gram fiber og under 10 gram sukker per 100 gram.
- Vel fullkornsris og fullkornspasta.
Avgrens inntaket av sukker
- Reduser inntaket av sukkerhaldig brus, saft, nektar, jus, meieriprodukt med tilsett sukker, sjokolade, godteri, søtt pålegg, kaker, kjeks og søte dessertar
Meir informasjonen og brosjyren Kostholdsråd ved høge blodlipid» finst i informasjonsbrosjyrar frå
Nasjonal kompetanseteneste for familiær hyperkolesterolemi
og
Lipidklinikken ved OUS
Røykjeslutt
Røyking aukar risikoen for å få hjarte- og karsjukdom. Det er derfor ekstra viktig at personar med FH som røykjer, sluttar å røykje.
Les meir om hjelp til røykjeslutt på helsenorge.no
Fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet har mange gode effektar på helsa, også på kolesterol og for å førebyggje hjarte- og karsjukdommar. Det blir tilrådd å vere fysisk aktiv 150–300 minutt i løpet av ei veke.
Les meir om tilrådingar om fysisk aktivitet på helsenorge.no