Behandling, Dermatochalase

Augelokk: Fjerning av overflødig hud

Elastisiteten i augelokkas hud og musklar blir svekka med åra. Overflødig hud på øvre augelokk er ein vanleg tilstand hos vaksne/eldre. Tilstanden kan vere så uttalt at sidesynet blir dårlegare.

At huda er synshindrande (objektivt, synsfeltprøve) eller annan medisinsk grunn (vurdert av Augeavdelinga) gir tilgang til offentleg operasjon. Andre som treng å fjerne hud i augelokk, må betale sjølv i den private kirurgimarknaden.

Før

Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar. 

Unntak

Pasientar som får blodtynnande som førebyggande (og som ikkje hatt hjerne- eller hjarteinfarkt før):
  • Blodfortynnande medisinar Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal ein ikkje ta 10-14 dagar før operasjon. Marevan, Pradaxa skal ein ikkje ta 3 dagar før operasjon. Viss du har kunstig hjarteklaff, tar du kontakt med din eigen lege for spesialdosering. Du må da ha annan erstatningsblodtynnande medisin (Fragminsprøyter).
  • Pasientar som har hatt hjerne- eller hjarteinfarkt (sjølv om det er lenge sidan) skal som hovudregel ikkje slutte med blodtynnande medisin før denne type lettare kirurgi. Altså bruke desse som vanleg og heller leve med større blåmerke.
Viss du tar annan blodfortynnande medisin som ikkje er nemnt her, kontakt eigen lege for dosering. 

Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.

Under

Sjukepleiar gir deg bedøvande droper i begge auga og huda rundt auga blir desinfisert. Du får tilbod om å ta beroligande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet.
Legen teiknar snittlinjene på augelokkshuda.

Området rundt auga blir dekt med steril duk.  Legen vil sette lokal bedøving i augelokka. Dette kan vere noko ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du inga smerte. 

Den overflødige huda blir fjerna. Dersom det er feittoverskudd som bular ut under huda, kan ein fjerne det óg. Huda blir sydd med ein tynn tråd. Operasjon tar ca 1-1,5 time og det er viktig at du ligg roleg. Vi hjelper deg til rette undervegs.

Sting blir fjerna etter 7 dagar hos eigen fastlege eller eventuelt på Augepoliklinikken.

Etter

Operasjon gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker. For å redusere dette, kan du legge eit tørt, kjølig omslag over auga i 15-30 minutt om gongen 3-4 gonger operasjonsdagen. Du kan for eksempel bruke ein pose frosne erter pakka i eit handkle.

Operasjonsdagen må du ta det med ro. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet).
Ein kan ha nokre smerter/ubehag etter operasjon. Ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.

Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid. 
Unngå å klø og gni på huda. Hald såra tørre. Ver forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke anbefaler vi ikkje før stinga er fjerna. 

Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.

Ver merksam

Bløding og infeksjon er sjeldan. Skulle det likevel oppstå ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller viss såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøke lege eller ringe Augeavdelinga på telefon 55 97 41 00. 

Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.