Behandling
Augelokk, Innovervrengd nedre augelokk
Elastisiteten i huda og musklane til augelokka blir mindre ettersom åra går. Nedre augelokk blir slapt og vrenger seg inn mot augeeplet. Tilstanden kan være så synleg at augevipper kjem i kontakt med auget og irriterer hornhinna.Introduksjon
Entropion gir symptom i form av ruskkjensle, auka tåremengd og hornhinnesår. Tilstanden kan bli behandla kirurgisk ved å stramme opp augelokket.
Før
Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar.
UNNTAK
Pasientar som får blodtynnande som førebyggjande (og som ikkje har hatt hjerne- eller hjarteinfarkt før):
Blodfortynnande medisinar Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal ein ikkje ta 10-14 dagar før operasjonen. Marevan, Pradaxa ikkje 3 dagar før operasjon. Viss du har kunstig hjarteklaff, må du ta kontakt med legen din for å få ein spesialdosering. Du må då ha ein annan erstatningsblodtynnande medisin (Fragmin-sprøyter).
Pasientar som har hatt (sjølv om det kan vere lenge sidan) hjerne- eller hjarteinfarkt, skal som hovudregel ikkje slutte med blodtynnande medisin før lettare kirurgi av denne typen. Ein skal altså bruke desse som vanleg og heller leve med større blåmerke.
Viss du tar annan blodfortynnande medisin som ikkje er nemnd her, så må du kontakte eigen lege for dosering.
Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.
Under
Ein sjukepleiar gir deg bedøvande droper i begge auga og huda rundt auga blir desinfisert. Du får tilbod om å ta beroligande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet.
Området rundt auga blir dekka med steril duk. Legen vil sette lokalbedøving i augelokka. Dette kan vere litt ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du ingen smerter.
Det nedre augelokket blir stramma opp. Huda blir sydd med ein tynn tråd. Ein dekker over med eit kvitt, tynt plaster som skal sitte slik til stinga blir fjerna.
Operasjonen tar ca. 1 time og det er viktig at du ligg roleg. Vi hjelper deg til rette undervegs.
Stinga blir fjerna etter sju dagar hos eigen fastlege eller eventuelt på augepoliklinikken.
Etter
Operasjonen gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker. For å redusere dette, kan du legge eit tørt kjølig omslag over auga i 15-30 minutt om gongen 3-4 gonger operasjonsdagen. Du kan til dømes bruke ein pose frosne erter pakka i eit handkle.
Nedre augelokk blir veldig stramt etter operasjonen, dette er normalt og gir seg etter nokre veker.
Operasjonsdagen må du ta det med ro. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet). Det er ikkje tilrådeleg å køyre bil. Du kan merke smerter/ubehag etter operasjonen, ta vanlig smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda og hald såra tørre. Vær forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke er ikkje anbefalt før stinga er fjerna.
Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.

Ver merksam
Bløding og infeksjon er sjeldan. Skulle det likevel oppstå ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller om såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøkje lege eller ringe Augeavdelinga på 55 97 41 00.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Kontakt Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00 Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen