Behandling, Dermatochalase
Augelokk: Overflødig hud på augelokk
Elastisiteten i augelokkas hud og musklar blir svekka med åra. Overflødig hud på øvre augelokk er ein vanleg tilstand hos vaksne/eldre. Tilstanden kan vere så uttalt at sidesynet blir dårlegare.Introduksjon
Tilvising og vurdering
At huda er synshindrande (objektivt, synsfeltprøve) eller annan medisinsk grunn (vurdert av Augeavdelinga) gir tilgang til offentleg operasjon. Andre som treng å fjerne hud i augelokk, må betale sjølv i den private kirurgimarknaden.
Før
Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar.
Unntak
Pasientar som får blodtynnande som førebyggande (og som ikkje hatt hjerne- eller hjarteinfarkt før):
Blodfortynnande medisinar Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard skal ein ikkje ta 10-14 dagar før operasjon. Marevan, Pradaxa skal ein ikkje ta 3 dagar før operasjon. Viss du har kunstig hjarteklaff, tar du kontakt med din eigen lege for spesialdosering. Du må da ha annan erstatningsblodtynnande medisin (Fragminsprøyter).
Pasientar som har hatt hjerne- eller hjarteinfarkt (sjølv om det er lenge sidan) skal som hovudregel ikkje slutte med blodtynnande medisin før denne type lettare kirurgi. Altså bruke desse som vanleg og heller leve med større blåmerke.
Viss du tar annan blodfortynnande medisin som ikkje er nemnt her, kontakt eigen lege for dosering.
Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.
Under
Sjukepleiar gir deg bedøvande droper i begge auga og huda rundt auga blir desinfisert. Du får tilbod om å ta beroligande tablett slik at du slappar godt av under inngrepet.
Legen teiknar snittlinjene på augelokkshuda.
Området rundt auga blir dekt med steril duk. Legen vil sette lokal bedøving i augelokka. Dette kan vere noko ubehageleg og du kan kjenne at det svir og pressar på, men etter ei lita stund kjenner du inga smerte.
Den overflødige huda blir fjerna. Dersom det er feittoverskudd som bular ut under huda, kan ein fjerne det óg. Huda blir sydd med ein tynn tråd. Operasjon tar ca 1-1,5 time og det er viktig at du ligg roleg. Vi hjelper deg til rette undervegs.
Sting blir fjerna etter 7 dagar hos eigen fastlege eller eventuelt på Augepoliklinikken.
Etter
Operasjon gir heving og misfarging (gul/blå) av huda. Dette er heilt normalt og vil forsvinne etter 2-3 veker. For å redusere dette, kan du legge eit tørt, kjølig omslag over auga i 15-30 minutt om gongen 3-4 gonger operasjonsdagen. Du kan for eksempel bruke ein pose frosne erter pakka i eit handkle.
Operasjonsdagen må du ta det med ro. Du bør helst sitte eller ligge med hovudet høgt. Den første natta bør du sove med hovudet høgt (fleire puter under hovudet).
Ein kan ha nokre smerter/ubehag etter operasjon. Ta vanleg smertestillande, for eksempel Paracet.
Du bør ikkje bøye deg langt framover. Unngå hard fysisk aktivitet i ei vekes tid.
Unngå å klø og gni på huda. Hald såra tørre. Ver forsiktig med dusj og hårvask slik at skyllevatn ikkje kjem i såret. Augesminke anbefaler vi ikkje før stinga er fjerna.
Viss du treng sjukemelding, får du det etter operasjonen.
Ver merksam
Bløding og infeksjon er sjeldan. Skulle det likevel oppstå ei bløding du ikkje får stansa med kalde omslag, eller viss såret blir raudt, varmt og irritert, må du oppsøke lege eller ringe Augeavdelinga på telefon 55 97 41 00.
Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Kontakt Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00 Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen