Behandling
Beinskjørheit - intravenøs behandling med zolendronsyre
Zoledronsyre (Zoledronic Acid 5 mg/100 ml®, Aclasta®, Zoledronsyre SUN®) er ein medisin som blir gitt inn i blodet. Zoledronsyre styrker skjelettet og bremsar vidare beintap, og risikoen for beinbrot blir redusert. Behandlinga kan bli gitt hos fastlege, privatpraktiserande spesialistar, andre legesenter eller på sjukehus.
Før
Du må ta blodprøver før infusjonen fordi vi må vite om du har tilstrekkeleg mengde kalsium og D-vitamin i blodet. Vi vil også vite korleis nyrefunksjonen din er, før vi gir deg Aclasta.
Aclasta kan påverke nyrefunksjonen, så det er viktig at du drikk godt i først: to–tre glas vatn meir enn vanleg. Dette gjeld anten du skal ha din første, andre eller tredje infusjon med Aclasta. For å førebygge moglege biverknader bør du sørge for å ha Paracet i huset (sjå biverknader og komplikasjonar under).
Under
Du får ein perifer venekanyle, vanlegvis i ei olbogevene. Medisinen blir gitt som ein infusjon av 100 ml væske. Du sit i ein stol eller ligg mens infusjonen går føre seg.
Gjer det vondt?
Du vil kjenne eit stikk i armen når det bli lagt inn ein perifer venekanyle, elles vil du ikkje merke noko.
Kor lenge varer behandlinga?
Det heile vil ta om lag 1,5 til 1 time. Sjølve infusjonen tar minst 15 minutt.
Etter
Du kan reise heim etter infusjonen.
Kontrolloppfølging
Kontrolloppfølging
Kor ofte du skal bli følgt opp, avheng av kor alvorleg osteoporosen er, og kor mange brot du har hatt. Nokre blir følgt opp årleg, andre annakvart år, og nokre kvart tredje år. Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ut frå blodprøver og beintettleiksmåling.
Ofte stilte spørsmål
Om eg skulle reagere på medisinen, når vil eg merke det?
Det vanlegaste er at reaksjonen kan komme om kvelden den dagen du har fått behandling, om natta eller dagen etter. Det er sjeldan biverknadene varer utover tre–fire dagar.
Ver merksam
Biverknader av zoledronsyre er vanlegast ved første gongs infusjon. Derfor anbefaler vi at du tar Paracet (2 tablettar på 500 mg) 3 gonger dagleg i 3 dagar etter infusjonen. Dette for å førebygge biverknader som influensaliknande symptom i form av muskel‐ og leddsmerter, hovudverk eller feber. Skulle du likevel oppleve å få desse biverknadene, og dei varer utover 4 dagar, ta kontakt med behandlingsstaden direkte.
Personar under 65 år er noko meir utsett for biverknader med feber og influensaliknande symptom eller magesmerter. Pasientane kan etter første gongs infusjon eventuelt bli utstyrt med Prednisolon 20 mg tablettar som blir tatt som 3 doser med 12 timars mellomrom, dersom symptoma oppstår.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Kontakt Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
3. etasje i Gamle hovedbygg på HaukelandGamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen