Blodfortynnende medisiner - endoskopisk undersøkelse Medisinsk undersøking -fordøyingssjukdommar
Endoskopi er samleomgrep på undersøkingar der ein bruker eit instrument med lys og kamera i tuppen (endoskop), for å undersøkje holrommet til kroppen. Endoskopiske undersøkingar kan medføre bløding. Dersom du bruker blodfortynnande medisinar (antikoagulasjon eller platehemming) er det risiko for at det kan oppstå større blødingar enn normalt. Med nokre få unntak, er det ønskjeleg at du mellombels sluttar med blodfortynnande medisinar før undersøkinga.
Før
Brukar du blodfortynnande medisinar må du stoppe mellombels å ta nokre av desse medisinane for å redusere risikoen for bløding i samband med undersøkinga, sjå tabell nedanfor.
Viktig!
- Dersom du har mekanisk hjarteklaff, skal du ikkje slutte med medisinar.
- Dersom du har hatt blodpropp siste tre månader, hatt hjarteinfarkt eller fått koronarstent siste 12 månader, skal du ikkje slutte med medisinar.
Blodfortynnende medisinar, salgsnavn | Virkestoff i medisinen | Kva skal du gjere før undersøkinga? |
---|---|---|
Albyl-E, Asasantin Retard, Persantin, Aponova, Disprasorin | acetylsalisylsyre, dipyridamol | Bruke som vanleg |
Plavix, Clopidogrel, Ticlid, Brilique, Efient, Prasugrel Krka | clopidogrel, prasugrel, ticagrelor, tiklopidin | Ta siste dose 6 dagar før undersøkinga |
Pradaxa, Xarelto, Lixiana, Eliquis, Novastan | dabigatran, rivaroxaban, apixaban, edoxaban, argatroban | Ta siste dose 48 timar før undersøkinga |
Marevan, Warfarin Orion | warfarin | Ta siste dose 3 dagar før undersøkinga. OBS! Møt opp 1 time før undersøkinga for blodprøve (INR) |
Fragmin, Klexane, Heparin | heparin, dalteparin, enoksaparin | Ta siste dose kvelden før undersøkinga |
Andre viktige medisinar | Ta som vanleg |
Viktig!
- Dersom du har mekanisk hjarteklaff, skal du ikkje slutte med medisinar.
- Dersom du har hatt blodpropp siste tre månadar, hatt hjarteinfarkt eller fått koronarstent siste 12 månadar, skal du ikkje slutte med medisinar.
Under
Etter
Ta med deg dei faste medisinane dine til sjukehuset slik at du eventuelt kan ta desse med ein gong undersøkinga er ferdig.
Kontakt
Sentralblokka
Medisinsk undersøking - fordøyingssjukdommar
Oppmøtestad
1. etasje, nord i Sentralblokka.
Opningstider måndag-torsdag kl. 07.30-17.00, og fredag kl. 07.30 - 16.00
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen