Når ein kjem på sjukehuset med ein elektrisk skade eller annan brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste elektriske skadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt.
Ved elektriske skadar kan det foreligge store vevsskadar som ikkje umiddelbart er synlege. Dette avheng av straumgangen gjennom kroppen. Ved høgspenningsskadar vil det ofte vere behov for umiddelbar operasjon. Det er då oftast snakk om eskarotomiar (å dele den uelastiske, brannskadde huden slik at ein unngår skadeleg auke av vevstrykket i den aktuelle delen av kroppen) eller fasciotomiar (å dele ei muskelhinne for å unngå skadeleg auke av vevstrykket inne i ein muskel).
Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.