Når ein kjem på sjukehuset med ein etseskade eller kjemisk brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve etseskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste etseeskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt
Spesielt for etseskadar er det at skylling av skaden med store mengder vatn vil fortsette i lang tid. Dette vert gjort for å nøytralisere stoffet pasienten har fått på seg. For enkelte stoff finnes det og spesielle antidot (motgifter) som ein kan nytte for å nøytralisere effekten av det skadelege stoffet.
Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.