Når pasienten kjem på sjukehuset med ein skåldeskade eller annan brannskade vil pasienten med éin gong bli møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil dei gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om han er så djup at han må opererast eller om det er mogleg at skaden kan gro av seg sjølv. Det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av overflata på huda til pasienten som er skada. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi tilførsel av væske tidleg ved store skadar.
Derfor er det viktig at ein kan undersøkje heile overflata på huda til pasienten og ein ønskjer gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten blir kjølt ned.
Utgreiing og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjorde i løpet av eit par timar, men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døgn etter første undersøking. Ved skåldeskadar vil ofte djupna av skaden vere heilt i grenseland for om det er behov for operasjon. Det gjer at ein ofte vil behandle desse skadane konservativt med gjentekne stell av såra i 10-14 dagar før ein endeleg bestemmer seg for om det er behov for å operere delar av skadane.