Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Brot i overarmen – behandling med operasjon

Ein del brot eignar seg ikkje for behandling med ortose. Då er operativ behandling nødvendig. Det er stillinga i brotet, kontakten mellom brotendane, kor mange bitar som finst og eventuelt følgjande skadar som avgjer om brotet eignar seg best for operasjon eller ikkje.

Typar operasjon

Operasjon av brot i overarmen kan gjerast på fleire måtar, kva type operasjon som blir vald er avhengig av utsjånaden til brotet og situasjonen for den skadde. I denne teksten blir operasjon omtalt med nagle og operasjon med plate og skruar.

Før

Brotet blir stabilisert mellombels med ein gipslaske eller ortose. Du får vanlegvis og ein fatle å kvile armen i. Dette vil ha ein smertelindrande effekt.

Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av nokre dagar. I ventetida blir armen, hand og fingrar vanlegvis hoven. Det kan hjelpe å knyte og strekke i fingrar hyppig for å motverke hevelsen.

Du kan ete og drikke som vanleg fram til midnatt. Etter midnatt skal du ikkje ete meir, men du kan røykje, snuse og drikke vatn, saft, jus, brus, te og svart kaffi fram til 1 time før oppmøtetidspunktet ditt.

Under

Operasjon med plate og skruar

Det blir laga eit langsgåande snitt i huda på overarmen for å komme inn til det knekte overarmsbeinet. Beinet blir lagt på plass i rett posisjon og posisjonen blir sikra ved at ei metallplate blir skrudd fast med skruar. Deretter blir huda igjen sydd og operasjonssåra blir dekte med bandasje. Etter operasjonen blir det lagt på ein fatle for smertelindring.

røntgenbilde pasient med plate.foto
Ein pasient er operert for brot i overarmen og her er det brukt plate. Foto: Haukeland universitetssjukehus.

Operasjon med nagle

Ved denne typen operasjon blir eit snitt laga i huda heilt på toppen av skuldra. Gjennom dette snittet kjem ein til overarmsbeinet ovanfrå og ein nagle kan førast ned inne i mergkanalen. For å få naglen ned, må brotet setjast på plass. Naglen held brotet i rett posisjon. Naglen blir festa med skruar i skuldernivå og i nedre del av overarmen, det vil derfor bli laget fleire små snitt i huda. Etter operasjonen blir det lagt på ein fatle for smertelindring.

rngtbilde nagle_foto

Ein pasient er operert for brot i overarmen og her er det brukt nagle. Foto: Haukeland universitetssjukehus.

Kor lang tid tek normalt behandlinga?

Sjølve operasjonen tek omtrent ein til to timar men det kan variere. Brotet er som regel grodd etter 12 veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten til brotet.  

 

Etter

 

Vi skiftar på såret før du reiser heim og sjekkar at det ikkje er teikn til infeksjon i såret. Deretter skiftar du sjølv på såret om bandasjen skulle bli skitten eller våt, byrjar å losne eller om det siv sårvæske i han. Ein tørr bandasje kan liggje på i 5 dagar. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.

Ingen kirurgiske inngrep er utan risiko. Det kan oppstå infeksjon i operasjonssåra, skade av nerve slik at du mistar evna til å strekkje ut handleddet og det er også fare for manglande heling av brotet trass i operasjonen.

Sting som såra er sydde med, blir vanlegvis fjerna 2–3 veker etter operasjonen. Desse kan du fjerne hos fastlegen din om ikkje anna er avtalt. Du vil bli innkalla til undersøking og røntgenkontroll i ortopedisk poliklinikk etter cirka 6 veker og 12 veker.

Denne informasjonen er tilpassa deg med brot i overarmen (humerusskaftfraktur), som er operert. Informasjonen gjeld uavhengig av om du er operert med mergnagle, eller med plate og skruar. Informasjonen er basert på at armen din er vurdert som øvingsstabil, men ikkje belastingsstabil.

Kvil armen i fatle (collar'n cuff) dag og natt 1–2 veker. Formålet med fatlen er å lindre smerte. Du kan gjerne kvile handa i jakkelomma i staden for å bruke fatle. Slutt med fatlen så snart du klarer å gå med armen fritt pendlande, og seinast etter 2 veker.

Ikkje støtt deg på armen eller løft tungt. Brotet er ikkje belastingsstabilt, og restriksjonen gjeld vanlegvis dei første 6 vekene etter operasjonsdatoen. Etter 6 veker blir du vanlegvis tillaten å ta opp att alle tidlegare aktivitetar, men du må trappe opp gradvis.

I starten er det vanleg å hovne opp i underarmen og fingrane.

  • Knyt handa og sprik med fingrane mange gonger! På den måten pumpar du hevelsen ut av armen. Aktiv fingerrørsle er det mest effektive tiltaket for å redusere hevelsen.
  • Legg deg på ryggen med underarmen kvilande på ei stor pute over magen. På den måten siv væska ut av armen med hjelp av tyngdekrafta.

Løyse fatlen 2–3 gonger dagleg for å gjere dette. Slutt uansett heilt med fatlen etter seinast 2 veker.

Bruk handa fritt til daglege aktivitetar. Bruk handa til å kle deg, vaske deg, lage mat og gjere lett arbeid så langt du klarer.

Beveg normalt i fingrar, handledd, underarm, olboge, skulderblad og nakke. Dersom du kjenner deg stiv eller anstrengd, prøver du dette: Løft opp skulderblada, trekk dei bak og slepp avspent ned. Gjenta så mange gonger du vil.

  • Sitt framoverbøygd og la armen henge. La handa gli ned langs leggen, ned mot golvet.
  • Sit sidevegs og la armen henge. Bøy ryggen sidevegs, så armen heng med ein avstand frå kroppen.
  • Stå framoverbøygd med støtte til ein stolrygg, og la armen henge. Du kan bruke beina eller ryggen til å gi armen litt fart, så han pendlar avspent. Pendle fram/tilbake, sidevegs og i sirklar begge vegar.
  • Sit sidelengs ved eit matbord og la underarmen kvile på bordet. Skyv armen inn på bordet, sidevegs ut frå kroppen din, så langt det går. Prøv å oppnå størst mogleg opning i armhola. Du må leggje overkroppen sidelengs innover bordet for å klare å skyve armen lengst mogleg.
  • Sit sidelengs ved eit matbord og la underarmen kvile på bordet. Skyv armen framover langs bordkanten, framlengs bort frå kroppen din, så langt det går. Du må leggje overkroppen framover for å klare å skyve armen lengst mogleg. Du kan støtte den friske handa i fanget dersom du vil.  

  • Ligg på ryggen. Legg den opererte armen opp over hovudet så langt det går. Gi den opererte armen hjelp for å komme lengst mogleg; støtt med den friske armen, eller hald ein stokk med begge hendene for å hjelpe.
  • Ligg på ryggen. Legg den opererte armen ut til sidan så langt det går. Gi den opererte armen hjelp for å komme lengst mogleg: Hald ein stokk med begge hendene, så den friske armen kan skyve han opererte ut til sida.
  • Ligg på ryggen. Fold hendene bak nakken. Med hendene i nakken vil kanskje olbogen på operert side peike rett opp. Forsøk å beveg olbogane ut til sidan så langt det går.

  • Krabb med fingrane opp ein vegg. Gi den opererte armen hjelp for å komme høgast mogleg; støtt med den friske armen, trekk med eit tau eller liknande.

NB: Det er mykje meir krevjande å løfte armen oppover, mot tyngdekrafta, enn å bevege han slik du har gjort i dei tidlegare øvingane. Når du startar å øve opp mot tyngdekrafta bør du av og til sjå deg sjølv i ein spegel. Hipser du opp skulderbladet for å få armen høgast mogleg? Då har du kravd meir av armen enn han har føresetnader for å klare. Gi armen meir understøtting; hjelp med frisk arm, tau eller slynge. Elles øver du inn ein uvane som er vanskeleg å bli kvitt seinare.

Du må sjølv kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bur. Første time kan gjerne vere 1–2 veker etter operasjonsdatoen. Fysioterapeuten vil gi deg individuelt tilpassa øvingar. God betring!

Ver merksam

Raudheit. Aukande smerte og/eller hevelse. Puss, gul eller grøn væske frå såra. Feber. Sjukdomskjensle.

Dette kan vere teikn på infeksjon og du bør ta snarleg kontakt med oss.

Kontakt

Sentralblokka Ortopedisk avdeling, Haukeland

Kontakt Ortopedisk avdeling, Haukeland

Oppmøtestad

Ortopedisk avdeling, 7.etg, Sentralblokka: her er du innlagt i forbindelse med operasjonen.
Ortopedisk poliklinikk 2. etg, Sentralblokka: her foregår kontrollene.

For medisinske spørsmål: 55977187 (man-fre 09-15)
Etter normal åpningstid, kontakt postene direkte.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Her finn du utreiseinformasjon frå Ortoperdisk avdeling: 


Utreiseinformasjon.pdf

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.