Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal nytte kunnskapsbaserte metodar. I utgreiing av spiseforstyrringar er det viktig med grundig kartlegging, som omfattar både fysiske (kroppslege) og psykiske plager.
Ved innlegging vil eit tverrfagleg behandlingsteam vurdere helsetilstanden til pasienten.
Undersøkingar som inngår i utgreiinga:
- Somatisk undersøking, inkludert blodprøver og kostanamnese.
 - Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
 - Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og sjølvutfyllingsskjema.
 - Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar. Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteamet jamleg ha samtalar med pasienten for å kartlegge symptom og meistringsstrategiar, for i samråd med pasienten å vedta kva tiltak som skal/bør settast i verk.
 
