HPV og celleforandringar
Infeksjon med Humant Papillomavirus (HPV) har vist seg å vere ein viktig faktor for utvikling av livmorhalskreft. Ein vedvarande infeksjon med HPV kan gi alvorlege celleforandringar i livmorhalsen, som ubehandla kan utvikle seg til kreft.
Det finst over 100 typar av HPV. Berre nokre få av desse gir auka risiko for kreft i livmorhalsen. Viruset smittar ved seksuell kontakt, og rundt 70 prosent av alle kvinner blir smitta i løpet av livet. I 90 prosent av tilfella klarer kroppen å kvitte seg med viruset sjølv. Rundt 10 prosent av alle kvinner får celleforandringar som må behandlast, men berre éin prosent utviklar livmorhalskreft.
Det kan vere nok med éin seksualpartnar for å bli smitta med HPV. Ved mange partnarar, aukar risikoen. HPV kan også forårsake kjønnsvorter. Kvinner som har kjønnsvorter, kan ha større risiko for å utvikle livmorhalskreft enn andre.
HPV-vaksine
HPV-vaksinen kan førebygge celleforandringar på livmorhalsen. Folkehelseinstituttet anbefaler vaksinen til barn i 7. klasse i henhold til det anbefalte barnevaksinasjonsprogrammet.
Det finst mange ulike virus innanfor gruppa Humant Papilloma. HPV 16 og 18 veit vi per i dag kan utvikle seg til livmorhalskreft. Vaksinen gir vern mot desse virusa, og er derfor nyttig også for vaksne kvinner, sjølv om dei kanskje allereie har vore smitta med andre typar HPV.
Screeningprogrammet
Kvinner mellom 25 og 69 år blir anbefalte å ta livmorhalsprøve regelmessig som ein del av screeningprogrammet mot livmorhalskreft. Du får ei påminning frå Kreftregisteret kvart femte år, og du må sjølv bestille time hos fastlegen eller privat gynekolog og ta ei prøve frå livmorhalsen. Om celleprøva viser celleforandringar, vil du bli kontakta av behandlar for vidare oppfølging og eventuelt tilvising til sjukehuset.
Gynekologisk undersøkelse
Tilvising og vurdering
Det er fastlege eller gynekolog som tilviser deg til sjukehuset.