Undersøking

Cerebral Function Monitoring (CFM)

CFM er aktuelt der ein ynskjer langvarig registrering av hjerneaktivitet med bruk av få EEG elektrodar. (Kallast og cEEG continous EEG) og EEG (amplitude EEG).

Før

Ved vår avdeling er det prosedyre å gjøre CFM med like mange elektrodar som ved eit vanleg EEG. Undersøkinga gir eit komprimert trendopptak, samtidig som rå-EEG kjem fram. CFM skaffar informasjon om hyppigheit, intensitet og varigheit av epileptisk aktivitet / epileptiske anfall, og er nyttig med omsyn til diagnose og behandling. CFM vert brukt i overvaking av sjukdomsutvikling, som prognoseindikator og eventuell respons på behandling. Aktuelle pasientar for CFM, er oftast innlagt på Nyfødt-, Intensiv- eller Hjerteovervakingsavdeling.

Under

  • Undersøkinga vert gjort på den avdelinga pasienten er innlagt på.
  • Elektrodar vert festa på hovudet til personen; på nyfødt avdeling brukar ein vanleg vis 6 tynne nåleelektrodar. Klinisk nevrofysiologisk avdeling brukar 27 EEG elektrodar som vert sett i elektrodepasta.
  • Elektrodane vert fiksert med plaster og nettinghetta.
  • Undersøkinga varer så lengje det er ynskjeleg / ordinert av behandlande lege.


Kontakt

Gamle hovedbygg Klinisk nevrofysiologi KNF

Kontakt Klinisk nevrofysiologi KNF

Oppmøtestad

De finn oss i Gamle Hovedbygg på Haukelandsområdet.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Dersom du ynskjer å avbestilla eller endra ein time ved KNF kan du lesa meir om korleis du gjera dette her. Det finst to måtar å gjere det på. Enten kan du rinja mellom kl. 08.00-15.00 alle kvardagar eller kan du bruke internett. Ynskjer du å avbestilla time og det er mindre enn to arbeidsdagar til timen, må du kontakta oss på telefon.

Skal du på PSG og/eller MSLT undersøking?
Har du behov for å avbestilla time til Polysomnografi (PSG) og/eller Multippel søvnlatens test (MSLT), bør timen avbestillast 14 dagar i førevegen.

Dersom du ikkje møter fram til timen
Dersom du ikkje møter fram til timen utan å seia i frå innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med eit gebyr på kr 640,- fastsatt i statsbudsjett av Stortinget. Dette gjeld sjølv om du har frikort.

Via internett
No kan du sjekka timeavtalane dine og skriva meldingar til avdelinga du har time hjå på nettet. I tillegg til å sjå timen din, kan du senda ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ynskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.

Logg deg inn for å:

  • få oversikt over dine timeavtalar
  • senda ei melding til avdelinga du har time hjå (ikkje røntgen)
  • sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)

 Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år, som bur på sama folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du loggar deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velja namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalane.

Framleis brev i posten
Denne sida vil ikkje enno erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møta, ta kontakt med ein gong. Du må rekna med lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Via telefon
Du kan også rinja til oss for å endra eller avbestilla timen din. Vi har telefontid mellom 08.00-15.00 måndag til fredag, telefon: 55 97 51 20.

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

Pasientopplysningar

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.