Cochleaimplantat, førstegangsoperasjon, voksne
Cochleaimplantasjon kan gi deg betre moglegheiter til å oppfatte lyd og tale dersom du ikkje har tilstrekkeleg hjelp av høyreapparat.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
I løpet av inngrepet blir det kontrollert at implantatet fungerer, og at det er rett plassert i det indre øyret, før ein avsluttar operasjonen.
Etter
Sjølv om biverknader er sjeldne, bør ein vite om:
- Forbigåande svimmelheit er relativt vanleg. Svimmelheit som varer lenger, kan også førekomme, men det er sjeldan.
- Dei fleste som blir plaga av tinnitus, opplever at CI gir dei lyd som maskerer tinnitus. Nokre kan oppleve forverring, men det er uvanleg.
- Tekniske feil kan førekomme, til tross for nøyaktig kvalitetskontroll. Det kan medføre at implantatet må bli skifta ut.
- Implantatet kan fungere i 25–30 år eller lenger. Men i løpet av eit livsløp må ein rekne med at det må bli skifta ut.
- Ansiktsnerven passerer i operasjonsområdet, og skade på denne kan gi forbigåande eller permanent (svært uvanleg) ansiktslamming.
- I sjeldne tilfelle kan CI-stimuleringa også medføre stimulering av ansiktsnerven og gi ansiktsrykkingar.
- Smaksforstyrringar på tunga kan førekomme, men er oftast forbigåande og sjeldan problematisk på lengre sikt.
- Infeksjon i sårområdet kan førekomme, og i sjeldne tilfelle gjere at implantatet blir støytt ut. Dersom dette skjer, kan ein som regel sette inn eit nytt seinare.
- Det finst ein svært liten, men likevel auka risiko for hjernehinnebetennelse etter CI-operasjonen. Dette er fordi ein opnar det indre øyret. Derfor er vaksinasjon mot dei vanlegaste bakteriane (pneumokokkar) som gir øyrebetennelse, eit krav for barn og anbefalt til vaksne. Vaksinasjonen har inngått i vaksinasjonsprogrammet for barn sidan 2008.
- MR-undersøking er oftast mogleg, men er avhengig av type implantat. Implantata inneheld ein magnet som kan bli påverka av MR-maskinen. Det er svært nøye reglar når det gjed dei ulike implantata. Du må derfor alltid opplyse om at du har CI før MR-undersøking.
- Ein må alltid oppgi at ein har CI i forbindelse med annan kirurgi, ettersom noko medisinsk utstyr (for eksempel diatermi) kan påverke og øydelegge CI.
- Ein kan ikkje rekne med å kunne gå tilbake til høyreapparat i eit CI-operert øyre fordi høyrselsresten i dei fleste tilfelle forsvinn.
Ver merksam
Etter operasjonen:
- Dersom du opplever teikn til aukande svimmelheit, kvalme, smerte eller sekresjon frå det opererte øyret eller aukande hovudverk, må du ta kontakt med avdelinga.
- Unngå å klø i operasjonssåret etter operasjonen.
På lengre sikt:
- Du får eit ID-kort med informasjon om at du har fått cochleaimplantat, og det er viktig at du alltid har dette med deg.
- Informer om at du har cochleaimplantat ved sikkerheitskontrollar og ta med ID-kortet.
- Du må informere om at du har cochleaimplantat dersom det er nødvendig med operasjon eller MR-undersøking.
- Unngå kampsport og slag.
- Ta kontakt med avdelinga dersom du får hudproblem i området.
Kontakt
Sentralblokka
Høyresentralen
Ventetid: 52 - 104 uker
Ventetid: 52 - 104 uker
Kontakt HøyresentralenOppmøtestad
Du møter opp på øre nese hals sengepost i 5. etg. i Sentralblokken på Haukeland Sykehus,Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen