Faste medisinar kan takast som vanleg, du treng heller ikkje å faste.
Ikkje drikk koffeinhaldig drikke som kaffi, cola og te den dagen du skal ta CT av hjarte. Dette aukar hjartefrekvens med nedsett bildekvalitet som resultat, og må derfor unngåast inntil undersøkinga er gjennomført. Av same grunn skal du ikkje røyke før undersøkinga.
Berekn god tid til oppmøte slik at du unngår høg puls som følge av stress/løping rett før undersøkinga. Det er ein fordel med litt ekstra væskeinntak på undersøkingsdagen.
For CT-undersøking blir det brukt røntgenstrålar. Ved graviditet eller usikkerheit om pasienten er gravid, skal det vurderast grundig om undersøkinga kan utsettast eller om pasienten kan ta andre undersøkingar utan røntgenstrålar.
Før undersøkinga må du opplyse om eventuell tidlegare reaksjon på kontrastvæske. Vanlegaste reaksjon på kontrastvæske er eit kløande utslett, som går raskt tilbake ved hjelp av ein tablett antihistamin. I alvorlege tilfelle kan pasienten få pustevanskar eller eit stort blodtrykksfall. Slike reaksjonar er svært sjeldne, og oppstår for det meste kort tid etter at kontrastvæska er gitt.
Det er påkravd å ta ei blodprøve kort tid før CT-undersøkinga for å sikre at nyrefunksjonen ikkje er sett ned. Kontrastvæske kan forverre nyrefunksjonen, spesielt utsett er pasientar med diabetes mellitus. Den skadelege effekten er avhengig av mengda kontrastvæske og utgjer sjeldan ein fare ved CT av kransårane.
Før undersøkinga vil det bli tatt eit EKG.
CT-undersøkinga går føre seg ved røntgenavdelinga der det blir det sett inn eit plastrøyr (veneflon) i ein vene i olbogen. Tilgang til blodbanen er nødvendig for å kunne gi medikament og kontrastvæske.

