Førebuing heime
Du skal ikkje spise to timar før ei kontrastundersøking. Dette er for at mage og tarm skal være best mogeleg forberedt for undersøkinga.
Dersom du bruker tablettar som innheld Metformin mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.
Annan medisin tar du som normalt.
Er du gravid kontakt behandlingsstaden i god tid før undersøkinga.
Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogeleg kvalitet på bilda.