computertomografi thorax
CT av lunger (CT-thorax)
CT er ei røntgenundersøking der vi tar tverrsnittbilete av aktuelle område i kroppen.
Kvifor gjer vi undersøkinga?
CT-undersøking er nyttig for å:
- undersøke blødningar, aneurismer (utposninger på blodkar), hjernesvulstar og hjerneskader
- oppdage svulstar og andre prosesser i heile kroppen
- vurdere om kreftbehandling verkar
- avklare infeksjonar og betennelsestilstandar
- vurdere organskadar etter skader (traumer)
- vurdere tilstandar i muskel og skjelett
- ta vevsprøve (biopsi)
Tilvising og vurdering
Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.
FØR
Førebuing heime
Du skal ikkje spise to timar før ei kontrastundersøking. Dette er for at mage og tarm skal være best mogeleg forberedt for undersøkinga.
Dersom du bruker tablettar som innheld Metformin mot diabetes tar du desse som normalt dersom du ikkje høyrer noko anna frå sjukehuset. Dersom du har hatt opphald i bruk av tablettane må du kontrollere nyrefunksjonen to dagar etter undersøkinga før du kan fortsette med tablettane. Dette gjer du hos eigen lege.
Annan medisin tar du som normalt.
Er du gravid kontakt behandlingsstaden i god tid før undersøkinga.
Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller blir gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.
Førebuing på sjukehuset
Metallgjenstandar som knappar, glidelås, belte og liknande må takast vekk frå området som skal undersøkast. Dette for å sikre best mogeleg kvalitet på bilda.
Under
CT med intravenøs kontrastvæske
Etter
Resultat av undersøkinga
Ver merksam
CT med kontrast
Kontakt
Sentralblokka
Radiologisk avdeling, CT
Oppmøtestad
Radiologisk avdeling sine CT-laboratorium finn du i 1. etasje i Sentralblokka. Me har også ein CT lokalisert i etasje U, og ein CT som ligg i Mottaksklinikken. Denne nyttast til rask diagnostikk av pasientane som vert innlagt via Mottaksklinikken (tidlegare Akuttmottak).
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen