- Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
- Selvmordsfare
- Bruk av rusmiddel
- Barndoms- og oppvekstforhold
- Psykiske lidingar i familien
- Negative hendingar før og no
- Problemer i privatliv og arbeid
- Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
- Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast
Depresjon hos voksne
Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.
Andre symptom på depresjon
- Svekka konsentrasjon og merksemd
- Redusert sjølvkjensle og sjølvtillit
- Skuldkjensle og mindreverdigheitskjensle
- Negative og pessimistiske tankar om framtida
- Initiativløyse og avgjerdsvegring
- Tankar og planer om sjølvmord
- Søvnproblem
- Redusert eller auka appetitt
- Nedsett seksuell interesse
- Angst, rastløyse og uro
Mange kan oppleva ulike kombinasjonar av depressive plager. Det varierer også kor mange slike plager den enkelte har. Sjølv om det er mange fellestrekk, er det altså store variasjonar i korleis depresjonen artar seg. Depresjon finst dessutan i ulike alvorsgrader, frå mild depresjon til alvorleg depresjon, noko som har noko å seia for val av behandlingstiltak.
Me opplever alle periodar i livet der me kjenner oss nedfor og energilause. Det er heilt naturleg. Ei depressiv liding er derimot prega av ein type nedstemthet som kan setja eit lokk på både positive og negative kjensler, både glede og sorg. Ein deprimert person opplever ofte seg sjølv som følelsesmessig tom og flat, og kan føla at ingenting lenger betyr noko. Personen blir gjerne sjølvkritisk og grublar over nederlag og eiga maktløyse. Passivitet og nøling er også vanleg, saman med kroppslege smerter og ubehag.
Me snakkar ofte om ein depressiv periode, fordi dei aller fleste depresjonane varer ein avgrensa periode, og ein kjenner seg vanlegvis betre etter fire til seks månader. Gjennom behandling kan betringa skje endå raskare. Eit fleirtal av dei som har vore deprimerte opplever likevel ein eller fleire nye episodar med depresjon i løpet av livet. Derfor er det viktig med tiltak som førebygger ny depresjon.
Tilvising og vurdering
For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også visa. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil me vurdera om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.