Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Elektrokardiografi
EKG
EKG er ein metode som vert brukt for å registrere den elektriske aktiviteten i hjartet. Det er særleg dei elektriske impulsane som vert fanga opp når hjartemuskelen trekk seg saman. Ved hjelp av EKG kan vi slå fast om hjartet slår regelmessig, om det er ujamn rytme eller om det er ekstraslag. Hastigheita og bredding av dei elektriske impulsane seier også noko om skade av hjartemuskelen og tjukkelse eller størrelse av hjartet. EKG er ein viktig del i samband med utgreiing og kontroll av alle slags hjartelidingar.
Før
Det er viktig at huden er ren og tørr der ekg-elektrodene skal festes til huden. Unngå derfor å smøre deg inn med fuktighetskrem den dagen du skal til undersøkelse på hjerteavdelingen. Utover dette kreves det ingen spesielle forberedelser før EKG.
Under
Under EKG-takinga ligg du på ein undersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg kleda på overkroppen.
Vi festar klistrelappar med leidningar på huda, ein på kvar arm og kvar fot, i tillegg til 6 leidningar på brystet. Ved behov barberer vi områda der klistrelappane skal festast. Deretter koplar vi leidningane til EKG-apparatet, som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet.
Sjølve undersøkinga tar ca 5 minutt og er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringa blir utført. Resultatet blir best om du ligg stille.
Etter
Når EKG-takinga er ferdig kan du dra heim eller tilbake til avdelinga.
Innleggingskontoret: For timar til hjartekateterisering eller rytmeutgreiing/behandling
Pasientekspedisjonen i poliklinikken: For timar til mellom anna pacemakerkontrollar og hjartekirurgiske kontrollar
Kveldspoliklinikken: Her blir det gjennomført mange polikliniske konsultasjonar, i tillegg til at inneliggjande pasientar blir undersøkte her. Opningstider: Måndag til fredag kl. 16.00-1930.
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
Busstoppa rundt Haukeland:
Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offentleg transport. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Rettar/Rettane dine Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt. Les meir om rettane dine ved pasientreiser
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir.
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet. For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.
Betale eigendel Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.
Bestille drosje Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:
Lån av rullestol Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum.
Følgeteneste Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.
Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.
Hittegods Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.