Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter klokka 24:00 kvelden før undersøkinga – eller seinast 6 timar før undersøkinga.
Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg råda i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlegen din. Hensikta er å unngå alvorleg bløding i samband med undersøkinga.
Om du brukar Albyl-E som einaste blodfortynnande medisin, treng du ikkje å stoppe med denne.
Det er vanleg at det blir gitt ein beroligande medisin i samband med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Du må difor sørgje for transport heim etter undersøkinga.
Hos enkelte blir undersøkinga gjort i narkose, og då gjeld følgjande reglar for faste:
Før prosedyren må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi eller drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for å hindre at mat eller væske kjem over i lungene under prosedyren. Det er viktig at du følgjer instruksjonane for å vere godt førebudd til sjukehusopphaldet. Dersom du ikkje følgjer reglane for faste og røyking, kan prosedyren bli utsett.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk dei siste 6 timane før undersøkinga. Du kan drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) fram til 2 timar før undersøkinga. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy dei siste 2 timane før undersøkinga. Inntil 1 time før undersøkinga kan du svelgje medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml). Ved spesielle inngrep kan andre rutinar gjelde – dette får du informasjon om på sjukehuset.
Andre forhold:
- Har du diabetes og brukar insulin, kan du kontakte oss for å få time tidleg på dagen.
- Tek du livsviktige medisinar som ikkje kan utsetjast, kan du òg kontakte oss for tidleg time. Ta med medisinane slik at du kan ta dei etter undersøkinga.
- Vi ønskjer at du tek med ei oppdatert liste over medisinane du brukar.
- Gje oss beskjed dersom du er allergisk mot nokre medikament.
Kunstig hjarteklaff
Ta kontakt med avdelinga dersom du har kunstig hjarteklaff.