Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fertilitetsbevarende behandling, kvinne

Kvinner kan miste fruktbarheita i forbindelse med kreft eller annen sjukdom som blir behandla med cellegift og/eller stråling. Dette fordi slik behandling kan ha skadelige effektar på kvinna sine eggstokkar ved at egganlegga i varierande grad vert øydelagt. Dersom den aktuelle kreftbehandlinga har risiko for å redusere framtidig fruktbarheit, kan pasienten få tilbod om ulike fruktbarheitsbevarande behandlingsmetodar. Både unge jenter og kvinner, med eller utan fast partner, kan få tilbod om behandling.

Vi veit at de som kjem til oss har eit stort behov for informasjon. Vi ynskjer at de opplever å bli godt ivaretatt, føler tryggleik og at vi får ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Vi håper at denne informasjonen kan gje svar på nokre av spørsmåla de sitt med og vil gjerne at de skriv ned eventuelle fleire spørsmål og tar dei med når vi møtast, så skal vi gjere vårt beste for å svare.

Det er kvinna sin behandlande lege og ein gynekolog som har erfaring med problemstillinga som skal informere pasienten og gje råd om tilbodet. Saman med pasienten tar ein stilling til hvilken metode som er best egna før ho startar behandling for sjukdomen.

Denne behandlinga inneber hormonstimulering for deretter å hente ut modne egg frå eggstokkane og fryse dei ned til seinare bruk. Uttak og nedfrysing skjer ved Seksjon for assistert befruktning, Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Denne behandlinga inneber hormonstimulering for deretter å hente ut modne egg frå eggstokkane og befrukte desse med sædceller frå partnar. Dersom dette resulterer i befrukta egg med god kvalitet blir desse frose ned og lagra til seinare bruk. Uttak og nedfrysing skjer ved Seksjon for assistert befruktning, Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.

Eggstokkvev, egg og embryo kan lagrast inntil kvinna fyller 46 år.



Tilvising og vurdering

Det er spesialisthelsetenesta som tilviser til fertilitetsbevaring. Pasientar som treng fertilitetsbevaring er som oftast allereie til behandling i spesialisthelsetenesta. 

Seksjon for assistert befruktning tar i mot tilvisingar internt frå avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Nokre blir tilvist frå spesialistar ved andre helseføretak.

Før

Til forundersøkinga er det sett opp samtale med lege for pasienten og eventuell partnar, og det er viktig at de informerer om eventuell medisinbruk/allergiar. Kvinna skal gjennom ei gynekologisk undersøking og om det er aktuelt å fryse embryo, må partnar levere sædprøve. Om nødvendig vil det bli bestilt og tatt supplerande blodprøver.

Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere ein avtale om assistert befrukting. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga. 

Kvinna vil òg få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Forundersøkinga tar om lag to timar totalt.

Dersom det oppstår medisinske problemstillingar som ikkje var kjent ved forundersøkinga, (t.d. nye medikament) må de ta kontakt med seksjonen for å avklare vidare behandling.

Partner kan velje om han vil ta prøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på et eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang. 

Behandling


Samtykke til behandling

Før kvar behandling må de signere eit samtykkeskjema. Ha derfor alltid med legitimasjon når de kjem til oss.

Behandlingsprotokoller

Det finnes ulike behandlingsprotokoller i forbindelse med assistert befruktning. Vi skil mellom lang- og kort protokoll. Behandlinga vert tilpassa kvar enkelt kvinne og par. Ved fertilitetsbevaring nyttar ein i dei fleste tilfella ein kort protokoll, der stimulering av eggstokkane blir gitt i form av sprøyter som settast i  magen i ca. 10 dagar. Dette gjer du sjølv. Stimuleringa starter vanlegvis 2. menstruasjonsdag i den aktuelle syklusen.

Individuell behandlingsplan

Du vil motta din individuelle behandlingsplan når det er bestemt oppstart av behandlinga. Planen finn du som et sykepleienotat i pasientjournalen din på helsenorge.no.

Reseptar

Reseptane blir sendt elektronisk, og kan hentast ut kostnadsfritt ved Sjukehusapoteket.  Reseptane blir aktivert ved personleg frammøte og legitimasjon må visast. Sjukehusapoteket har inne dei ulike medikamenta som brukast i behandlinga. På øvrige apotek må medisinane bestillast minimum 1 veke før start av behandling, og du må sjølv betale for medikamenta og deretter få utgiftene refundert av helseføretaket ved innsending av faktura og kvitteringar. Dersom du vil sjekke om e-reseptane er sendt til deg, eller kva medisin legen har rekvirert, kan du gå inn på www.helsenorge.no og følgje instruksa der. Ring oss dersom noko er uklart.

Det finns fleire videoar med instruksjon for bruk av medikamenta på nettet. Søk på legemiddelet du skal nytta i på felleskatalogen.no.




Under

Ultralyd

Vi følgjer med på utvikling og vekst av folliklane/eggposane ved hjelp av ultralydundersøkingar. Ut i frå desse undersøkingane vurderer legen kor lenge hormonbehandlinga skal vare.

Eggløysingssprøyte

På ultralydundersøkinga kan legen sjå kor tid folliklane har nådd ønska storleik og då får du beskjed om når du skal sette eggløysingssprøyta. Det er svært viktig at du tar eggløysingssprøyta til rett tid; om kvelden 1,5 døgn før egguthenting.

Egguthenting (OPU)

På dagen for egguthenting skal de møte opp ved Seksjon for assistert befruktning. Nøyaktig tidspunkt for oppmøte blir gitt ultralyddagen. Då vil de måtte signere avtale om behandling og vise fram ID-kort. De får kort informasjon av sjukepleiar, og kvinna får tildelt ei seng. Dersom de begge ønskjer det, kan partnar vere med under sjølve inngrepet.

Førebuingar 

  • Et ein lett frukost utan kaffi
  • Ta smertestillande tablettar 1 time før oppmøte. Desse får du utdelt på ultralydkontrollen der egguthentingsdagen blir bestemt. Dersom de har tatt ultralyd utanbys, kan medisinen hentast ved avdelinga dagen før egguthentinga, eller takast her på avdelinga ved oppmøte. Du kan ikkje køyre bil denne dagen!

Dette skjer under egguthentinga

  • Kvinna blir følgd på toalettet like før inngrepet
  • Du får lokalbedøving i skjeden som blir gitt av legen rett før egguthentinga startar.
  • Sjølve egguthentinga tar 15-20 min.
  • Grad av smerte ved egguttak varierer frå kvinne til kvinne, men dei fleste beskriv smerten som menstruasjonsliknande smerte som strålar bak i korsryggen. 
  • Ved nedfrysing av embryo leverer partnar sædprøve. Den kan gjerast heime og leverast på avdelinga innan ein time etter prøven er tatt, eller gjerast på avdelinga.

Etter egguthentinga

  • Du må ligge til observasjon i ½-1 time hjå oss før du får reise heim frå sjukehuset etter egguthentinga. 
  • Nokon opplever smerter i magen same ettermiddag / kveld, men det er som regel nok lindring i Paracet og varmeflaske. Du skal ikkje bruke Ibux eller Voltaren på grunn av auka fare for bløding.
  • Vi kan gi deg sjukemelding i tre til fire dagar etter egguthentinga.
  • Kvinna må ha følgje heim etter at ho har vore gjennom uthentinga. I tillegg skal ho ikkje vere aleine dei første timane etter at de kjem heim, sidan ho har fått ulike smertestillande medisin. 
  • Dagen etter egguthentinga vil laboratoriet ringe til deg ca. kl. 13.00 (laurdagar ca. kl. 10.00) for å gi beskjed om kor mange egg som har blitt befrukta. 
  • Vi anbefaler ikkje å ha samleie dei siste dagane før, og i to veker etter egguthenting. Kvinna skal heller ikkje bruke tampong eller bade i basseng, badekar eller sjø dei to første vekene etter egguthentinga. På grunn av dei forstørra eggstokkane tilrår ein redusert fysisk aktivitet i same periode.

Anbefalt lesing på nett:

 
 

Kva kan eg gjere sjølv?

  • Unngå tobakk og alkohol under behandlinga
  • Du bør halde deg til eit moderat inntak av koffein
  • Ha eit sunt kosthold og ta gjerne tilskot av omega 3

 



Etter

Kostnader

Ved forsamtale og fertilitetsutredning, samt ved konsultasjonar i forbindelse med sjølve behandlinga, betaler eigendel etter vanleg takst for spesialistpoliklinikk per konsultasjon. Kostnadane for medikamenta til behandlinga blir dekka av helseføretaket. Nytter ein sjukehusapoteket blir medisinane utlevert vederlagsfritt. Ved uttak av medisinar ved andre apotek, må pasienten sjølv betale for medikamenta og deretter få utgiftene refundert av helseføretaket ved innsending av faktura og kvitteringar. 

Om det er naudsynt med transport til Oslo Universitetssykehus i samband med fertilitetsbevaringa, blir denne og opphaldet dekka av pasientreiser. Ta kontakt med dei når du har fått time ved OUS for egguthenting eller uttak av ovarialvev. Pasientreiser ordnar med bestilling av transport 

I forbindelse med tilbakeføring av embryo, etter friskmelding, betaler de ein eigendel etter vanleg takst for spesialistpoliklinikk.



Ver merksam

Blødning

Bløding i bukhola i samband med egguthenting kan skje i sjeldne tilfelle, og det er derfor vi vil ha deg til observasjon på avdelinga i ½- 1 time etter egguthentinga.

Infeksjon

Ein sjeldan gang kan det oppstå infeksjon etter egguthentinga. Symptom på infeksjon kjem innan tre dagar etter egguthenting og vil vere vedvarande og aukande magesmerte, i tillegg til feber. Då skal du ta kontakt med lege snarast.

Allergiske reaksjoner

I sjeldne tilfelle kan vi sjå allergiske reaksjonar på medisin som blir gitt i behandlinga. Kontakt avdelinga dersom det skjer.

Biverkander

Alle medisinar har omtale av moglege biverknader i pakningsvedlegget. Medisinar som brukast i behandling med assistert befruktning gir ei kontrollert overstimulering av eggstokkane og overstyrer din eigen syklus. Vi kjenner til at dei mest vanlege biverknadene er: 

  • Smerter, kvalme, oppblåst mage, tyngdefornemming og stikking i underlivet, lett vektauke og auka mengde utflod.

Overstimuleringssyndrom

Nokre kvinner kan reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og det blir danna for mange folliklar. Då kan det vere at behandlinga må avbrytast.

Overstimuleringssyndrom kan oppstå frå du sett eggløysingssprøyta og innan ei veke etter egginnsetting. Ta kontakt med oss dersom du får symptom som: oppblåst og smerte i underlivet, kvalme, oppkast, diare og ev. tungpust. I dei mest alvorlege tilfella, krev det innlegging på sjukehuset.

Ved symptom på overstimuleringssyndrom må du ringe nærmaste sjukehus.


Sist faglig oppdatert 11.09.2023

Kontakt

  • Kontakt Fertilitetssenteret
    En moderne murbygning

    Marie Joys' hus

    Jonas Lies vei 81

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Taxi til Marie Joys' hus
    På forplassen foran Marie Joys' hus er det mulig å kjøre inn og slippe av og/eller hente pasienter. Innkjøring til Parken er ved Haukeland hotell. Parkering tillates ikke på forplassen.

    Parkering ved Marie Joys' hus
    De nærmeste parkeringsområdene for besøkende til Marie Joys hus er Parken og Sentralblokken. Innkjøring er ved Haukeland hotell. 

    • I Parken kan man parkere i parkeringshuset (3 etasjer), under Haukeland hotell eller på utendørs parkeringsplasser som befinner seg innover området. Det er også flere parkeringsplasser utenfor MJH. I Parken er det ca. 180 parkeringsplasser.
    • I Sentralblokken er det 300+ parkeringsplasser innendørs. Parkerer man i Sentralblokken kan man gå innendørs via tunnelsystemet til MJH. Det er også mulig å gå utendørs gjennom sykehusparken.
    • Det er parkeringssystemet Sesam Sesam som brukes i Parken og Sentralblokken. Det er stor knapphet på parkeringsplasser på dagtid. 
    Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

     

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    På grunn av mellom anna liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og fare for oppvekst av bakterier i blomsterjord og blomstervann er det ikkje lov med avskorne blomstrar eller potteplantar til inneliggande pasientar.  

    Frisørsalongen på Haukeland er open for både pasientar, pårørande, tilsette og andre. Les meir om frisørsalongen her. 

    Takk for at du ikkje bruker parfyme. Parfymelukt kan gi pasientar problem med pusten, hudirritasjonar og forverra sjukdomssymptom. Tusen takk for at du tar omsyn og unngår å bruke parfyme og parfymerte produkt på sjukehuset.  

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma

    ​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.

    Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
    Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. Dette gjeld også bruk av e-sigarettar.
     
    ​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
    • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
    • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
    • Røykeskur framfor Augebygget
    ​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
    Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

    Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800.

    Les meir om Haukeland hotell her.

    Daglegvarebutikkar i nærområdet:

    Rema1000 Haukelandsveien
    Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

    Kiwi Kronstad
    Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

    Bunnpris Møllendalsbakken
    Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
    Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
    Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Vi råder deg til å la verdisakane ligge att heime då sjukehuset ikkje har forsikringsordningar som dekker tap av personlege ting. Fleire pasientar blir sendt direkte til sjukehuset og vi bruker verdiposar til oppbevaring av kontantar, bankkort og mobiltelefon for dei som har behov for det.

  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokk 6, Haukelandsbakken 1 (Gynekologi)

    Marie Joys' hus, Jonas Lies vei 81 (Fertilitetssenteret)

    Bygning med store glassflater

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Praktisk informasjon

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

     

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.