Førebuande dag
Før operasjon blir du kalla inn til førebuande dag på sjukehuset. Da blir du undersøkt av ein lege/gynekolog, og du får snakke med sjukepleiar, anestesilege og/eller fysioterapeut. Denne dagen får du informasjon om inngrepet, og du vil ha høve til å stille spørsmål.
Ta med liste over faste medisinar og eventuelle allergiar, og oversikt over spesielle behov eller funksjonshemmingar.
Når det er bestemt at du skal operere bort livmora, vil du bli lagd inn på sjukehuset. Det er vanleg å bli innlagt same morgon som du skal opererast.
Førebuingar heime før operasjon
- Du skal ikkje barbere deg nedantil, 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Før du drar heimanfrå, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
- Ikkje bruk bodylotion/hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
- Fjern naglelakk, smykke, ringar og piercingar.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Nokon gonger er det nødvendig å ta ein ekstra blodprøve same dag som du skal opererast. Dette vil du få beskjed om i forkant. Då går du i så fall til laboratoriet i kjellaren på Kvinneklinikken, og tar kontakt i luka eller bruker ringeklokka før du møter på avdelinga.