Behandling

Fjerning av livmor, ikkje kreft

Å fjerne heile livmora blir kalt for ein hysterektomi. Livmora kan fjernast enten med kikholsoperasjon (laparoskopi) eller open kirurgi (laparotomi).

Det finst fleire sjukdommar, som ikkje er kreft, der behandlinga er å fjerne livmora. Desse sjukdommane er sjeldan farlege, men kan føre til store plager og nedsett livskvalitet.

Når livmora blir fjerna vil du ikkje lenger ha moglegheit for å få barn, og menstruasjonen stansar. Du vil fortsatt ha din normale hormonproduksjon fordi det er eggstokkane som produserer hormonar. Det er ikkje nødvendig å fjerne eggstokkane sjølv om du fjernar livmora. Dersom eggstokkane blir fjerna, vil du gå direkte i overgangsalderen fordi hormonproduksjonen forsvinn. Nokre gonger kan det vere sjukdom på eggstokkane som gjer at desse også må fjernast.

Sjukdom der behandlinga kan vere å fjerne livmora:


Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller din private gynekolog som tilviser deg til sjukehus for å få fjerna livmora.

Før

Kor lang tid tar utgreiingsfasen?

Det er fleire faktorar som avgjer kor lang tid ein utgreiingsfase vil vere. Om du har store plagar, kan utgreiingsfasen bli kortare då du vil bli prioritert framfor andre pasientar med mindre plagar. Om du må gjennom fleire forundersøkingar som eit ledd i din utgreiing, vil dette gjere at utgreiingsfasen blir lengre. Til tider kan det vere mange pasientar som ventar på same behandling, noko som også kan påverke ventetida.

Før operasjon 

Før operasjon blir du kalt inn til operasjonsførebuingar på sjukehuset. Du vil bli undersøkt av ein lege / gynekolog og det vil bli foretatt ei gynekologisk undersøking med ultralyd. Ved behov kan det også vere aktuelt med andre undersøkingar før operasjon. Du vil og få snakke med andre som er involvert i behandlinga du skal gjennom; det kan vere sjukepleiar, anestesilege eller fysioterapeut. 

Under førebuingane får du informasjon om inngrepet, og du vil ha moglegheit til å stille spørsmål. Ta med liste over faste medisinar til sjukehuset, og opplys om eventuelle allergiar. Har du spesielle behov eller funksjonshemmingar, ver vennleg å informere om dette slik at vi kan tilretteleggje best mogleg for deg under innlegginga og operasjonen.

Når det er bestemt at du skal fjerne livmora ved operasjon, vil du bli lagt inn på sjukehus. Det er vanleg å bli innlagt same morgon som du skal opererast. Du kan reise heim 1-3 dagar etter operasjonen.

Førebuingar heime før operasjon

  • Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
  • Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
  • Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
  • Fjern eventuell naglelakk, smykke, ringar og piercingar.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 



Nokon gonger er det nødvendig å ta ein ekstra blodprøve same dag som du skal opererast. Dette vil du få beskjed om i forkant. Då går du i så fall til laboratoriet i kjellaren på Kvinneklinikken, og tar kontakt i luka eller bruker ringeklokka før du møter på avdelinga.   

Under

Livmora kan fjernast enten ved kikholskirurgi (hysterektomi per laparaskopi), open kirurgi (hysterektomi per laparotomi) eller vaginal hysterektomi. Det er vanleg å bruke kikholskirurgi, men nokre gonger må ein bruke open kirurgi. Årsakar til dette kan vere:

  • Livmora er for stor til å gjere det via kikhol
  • Du har vore operert i magen tidlegare som gjer at det er meir kompliserte forhold
  • Om det oppstår komplikasjonar under kikholsoperasjonen som gjer at ein må ha meir oversikt og sjå inn i magen

Det er legen din som avgjer kva slags operasjon som er best for deg. 

Operasjonsdagen

Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å ligge i medan du ventar på å bli køyrd til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar heime er gjort riktig. Etter kvart blir du køyrd til operasjonsavdelinga, og du vil få narkose før operasjonen begynner. Operasjonen tar vanlegvis 1-2 timar.

Fjerning av livmor ved kikholsoperasjon

Når livmora blir fjerna med kikholskirurgi, vil du komme deg mykje fortare enn om det blir gjort med open kirurgi.

Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumenter på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Legen løyser livmora inni magen, og fjernar ho enten gjennom skjeden, eller livmora delast opp og så fjerna via kikhola.

Fjerning av livmor ved open kirurgi

Nokre gonger er det planlagt på førehand at livmora skal fjernast med open kirurgi, medan andre gonger kan det oppstå komplikasjonar under ein kikholsoperasjon som gjer at legane må lage eit snitt i magen for å få meir oversikt.

Dersom det skulle bli nødvendig vil det under operasjonen enten bli laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Legen løyser livmora inni magen og fjernar ho gjennom snittet på magen. 

Fjerning av livmor via skjeden

Når livmora blir fjerna via skjeden utan at ein lagar snitt på magen, kaller vi det ein vaginal hysterektomi. Ved dette inngrepet blir også livmorhalsen fjerna, og du treng ikkje lenger å ta celleprøver.

Under denne operasjonen vil du ligge i gynekologisk leie. Operasjonen vil bli utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal anestesi). 

Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka, vil du bli flytta til ein sengepost.

Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil då få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov. Det er viktig å komme seg på beina raskt etter ein operasjon. Dette vil sjukepleiarane hjelpe deg med. Det blir lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etterpå.

Om du har fjerna livmora ved kikholskirurgi eller via skjeden, er det vanleg å reise heim dagen etter operasjonen. Ved open kirurgi blir ein som oftast på sjukehuset i nokre dagar etter operasjonen.

Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men kan skje ved alle typar operasjonar. Ved open kirurgi kan følgande skje:

  • Bløding under eller etter inngrepet
  • Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
  • Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
  • Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
  • Blodpropp (sjeldan)
  • Problem med bedøving (svært sjeldan)

Dagen etter operasjonen vil vi rutinemessig ta ein kontrollblodprøve for å sjekke hemoglobinnivået ditt.

Etter

Å fjerne livmora er ein stor operasjon, og det tar tid å komme seg etterpå. Her finn du meir informasjon om ulike forhold og omsyn ein må ta i etterkant: 

 

  • Du kan forvente smerter etter operasjonen. Kor sterke smerter er avhengig av kva slags operasjon du har hatt. Du vil få smertestillande jamnleg heile døgnet når du er på sjukehuset, og ein resept på smertestillande du kan bruke når du kjem heim.
  • Ved open kirurgi blir det nokre gonger lagt inn eit epiduralkateter i ryggen som smertelindring etter operasjonen. Dette blir som regel fjerna dagen etter eller to dagar etter operasjonen.
  • Det er viktig at du gir beskjed om du får smerter som ikkje lar seg lindre av dei smertestillande du får. Det er individuelt kor sterke smerter ein har etter operasjon, og ein vil derfor ha individuelle behov for smertestillande.
  • Ved kikholsoperasjon kan det oppstå smerter i skulder og mellomgolvet grunna CO2-gassen som blir brukt til å «blåse» opp magen under operasjonen. Å vere i bevegelse hjelper mot luftsmerter.

  • Ved open kirurgi vil operasjonssåret enten bli sydd igjen med tråd som løyser seg opp av seg sjølv, eller såret vil bli stifta igjen.
    • Vi legg bandasje over såret som berre skal skiftast om det kjem blod gjennom. Dei fleste bandasjane som blir brukt, toler vatn og du kan dusje utan å måtte skifte bandasje etterpå. Bandasjen og eventeulle stiftar skal fjernast etter 10-12 dagar. Om det er brukt stiftar under operasjonen, skal du bestille time hos fastlegen din for å få fjerna desse.
    • Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter opersasjonen, er det viktig å halde handflata eller ei pute mot såret. Dette skåner såret fordi sårflatene blir pressa saman.
    • Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå å løfte tunge bereposar, golvvask, snømåking, støvsuging og liknande. Det du klarer å løfte med strak arm, er greit.
    • Har du små barn og treng å løfte dei, tenk over kva musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling med armmusklane. Bruk lårmusklane når du skal plukke opp noke frå golvet.
  • Ved kikholskirurgi vil operasjonen late etter seg fire små arr som er ca. 1-2 cm lange, der det eine er i navlen.
    • I navlen og i midtlinja over skambeinet blir det sett eit sting med tråd som løyser seg opp av seg sjølv. Dei minste sårflatene blir som oftast trekt saman med «strips», og det blir lagt ein beskyttande bandasje over. 
    • Bandasjen skal ikkje skiftast, og om han ikkje har løyst seg etter ei veke kan du sjølv fjerne han. Bandasjane skal kun skiftast om det kjem blod gjennom eller dei har blitt våte etter dusjing eller liknande.
  • Infeksjon: Nokre gonger kan det oppstå infeksjon i operasjonssåret. Om såret væskar, må du rense det. Utstyr til dette kan du kjøpe på apoteket. Om ikkje infeksjonen går over etter ei veke med behandling, eller infeksjonen blir verre, bør du ta kontakt med sjukehuset.

  • Du kan få bløding frå skjeden dei første dagane. Dette er heilt normalt. Du skal då bruke bind og ikkje tampong.

  • Du kan dusje etter eit døgn. Karbad og basseng bør du unngå til såra har grodd.

  • Dersom du røyker eller snuser, må du vere merksam på at det kan gjere deg uvel etter operasjonen på grunn av narkosen. Du bør derfor vente med å røyke eller snuse til du har komme heim.

  • Det som blir fjerna under inngrepet blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret er vanlegvis klart etter nokre veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. I nokre tilfeller får tilvisande lege kopi av svaret og brev om inngrepet.

  • Som oftast er det ikkje nødvendig med kontroll etter du har fjerna livmora. Om det er nødvendig vil legen informere deg om dette før du reiser heim.
  • Du må fortsette å ta celleprøver av livmorhalsen kvart tredje år dersom livmorhalsen ikkje er fjerna.

  • Hugs at du som er nyoperert treng ro og kvile. Trening som aerobic og liknande bør du vente med i minst 6 veker, ved open kirurgi må du vente 8-12 veker. Det er smerteterskelen som styrer kor fysisk aktiv du klarer å vere i tida etter operasjonen. Du skal ikkje gjere noko som gjer vondt.
  • Unngå samleie 10 veker etter operasjonen.
  • Lengde på sjukmelding er avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Ved kikholsoperasjon er det vanleg med eit par veker etter operasjonen. Ved open kirurgi er det vanleg med rundt 4 veker sjukmelding avhengig av kor fysisk krevjande arbeid ein har.

Ver merksam

Ta direkte kontakt med sjukehuset og avdelinga som opererte deg dersom –

Ved fjerning av livmor via skjeden:


  • Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar
  • Du har smerter som ikkje blir lindra når du tar smertestillande medisin


Ved fjerning av livmor ved kikholsoperasjon:


  • Operasjonssåret ser raudt og hovent ut, og du har feber over 38 grader som ikkje gå over i løpet av to dagar
  • Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen
  • Du har smerter i beina eller svært tung pust


Ved fjerning av livmor ved open kirurgi:


  • Du har feber over 38 grader som ikkje går over i løpet av to dagar
  • Du får smerter, hevelse i beina eller svært tung pust
  • Du har sterke magesmerter som ikkje lar seg lindre av smertestillande medisin
  • Operasjonssåret er raudt og hovent
  • Bandasjen blir blødd gjennom fleire gonger for dagen

Kontakt

Glasblokkene Gynekologisk avdeling

Kontakt Gynekologisk avdeling

Oppmøtestad

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.