Det er vanleg å få ei innkalling til ei undersøking på sjukehuset før eventuelle behandlingar startar. På sjukehuset vil du bli undersøkt av ein lege som utfører ei gynekologisk undersøking. Det kan vere nødvendig med andre supplerande undersøkingar for å bestemme kva behandling som er best for deg.
Førebuingar heime
- Tenk gjennom kva plagene dine er, og korleis dei hemmar deg i kvardagen din.
- Ta gjerne med ei oversikt over dei faste medisinane dine og eventuelle allergiar.
Utgreiing før operasjon
Viss operasjon er den rette behandlinga for deg, vil du bli innkalla på nytt til operasjonsførebuingar. Da vil du få snakke med ulike yrkesgrupper som er relevante for din type operasjon. Dette kan vere lege, sjukepleiar, anestesilege og fysioterapeut. Her vil du få høve til å stille spørsmål, og du vil få både skriftleg og munnleg informasjon om inngrepet. Denne dagen kan innebere ein del venting. Ta gjerne med lesestoff eller liknande.
Når du har vore gjennom dei ulike førebuingane før operasjon, reiser du heim og kjem tilbake den dagen du skal opererast.