En kvinne som ser på en annen kvinne

Gynekologisk sengepost

Ved Gynekologisk sengepost gir vi behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Behandling og oppfølging blir tilrettelagt i samarbeid med den enkelte kvinne. Vi tar imot kvinner med kreft i underlivet. Hos oss får du tilbod om utgreiing, diagnostisering, operasjon og eventuell etterbehandling.

Generell gynekologi

 

Vi tar imot deg som skal gjennomføre ein planlagt operasjon, eller om du treng akutt behandling. Hos oss vil du få individuell informasjon, oppfølging og behandling. Ein stor del av pasientutgreiinga skjer ved;

 

Andre tilknytta einingar:

Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Ulike komplikasjonar dei første 24 vekene av svangerskapet. For eksempel; svangerskapskvalme, spontanabort, planlagt abort og komplikasjonar knytt til assistert befruktning.
  • Ulike komplikasjonar etter fødsel
  • Utgreiing og behandling av blødingsforstyrringar
  • Underlivsinfeksjonar
  • Underlivssmerter
  • Operasjon grunna urinlekkasje
  • Operasjon grunna skjedeframfall og nedsunken livmor
  • Utgreiing av svulstar i bekkenet

Tilvising

Du må ha tilvising frå fastlege / legevakt / spesialist for å kome til oss. Det er lege ved Innleggingskontoret ved Kvinneklinikken som avgjer kor raskt du kjem til oss.

Planlagde operasjonar

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege, anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Dagkirurgi

På Kvinneklinikken er det ei dagkirurgisk eining med 8 senger. Her utfører vi mindre gynekologiske inngrep som til dømes urininkontinens, sterilisering og undersøking i narkose.

Informasjon om bedøving,

Les meir om «Trygg kirurgi»

 

Gynekologisk kreft

Sykepleier på pasientrom. Foto

Pasientane våre kjem frå heile landet, men dei aller fleste kjem frå Vestland og Rogaland.

Dei mest vanlege problemstillingane for våre pasientar

  • Kreft i eggstokk eller eggleiar
  • Kreft i livmor
  • Celleforandringar i livmorhalsen
  • Kreft i livmorhalsen
  • Smertebehandling
  • Behandling og omsorg ved livets slutt (i samarbeid med smerteklinikken)

 

Pasientinformasjon ved operasjon

Før planlagde operasjonar får du snakke med sjukepleiar, lege og anestesipersonell og eventuelt fysioterapeut. 

Undersøking i narkose (pdf)

Operasjon i narkose (pdf)

Kor lenge du må ligge på avdelinga, kjem an på kva slags type operasjon du skal gjennom, og kva som må bli tatt omsyn til etter operasjonen.

Besøkstid

På sengepost har vi fleksibel besøkstid.

Våre einingar

Våre pasientar er kvinner med kreft i underlivet. Nokon er ferdigbehandla etter opphaldet hos oss, medan nokon treng meir behandling. Vi tar imot kvinner som treng symptomlindring og lindrande behandling.

Vi har 14 sengeplassar.

Vi gir behandling med cellegift / cytostatika til kvinner med gynekologisk kreft. Vi har 6 behandlingsplassar.

Her kjem kvinner til poliklinisk undersøking i samband med cellegiftbehandling.

Vi har eit eige studiesenter der vi i samarbeid med andre land forskar på best mogeleg cellegiftbehandling. Det kan hende at du som pasient vil få førespurnad om å vere med i ein studie. 

 

Vardesenteret

Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp.  Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Parkbygget (vegg i vegg med Sentralblokka i sjukehusparken).

 

Brukarorganisasjonar

Kontakt

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 6, 2. etasje 

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.