Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fryseforsøk

Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frosne ned og lagra til seinare bruk. Nedfrosne, befrukta egg kan ifølge bioteknologiloven oppbevares til kvinna fyller 46 år. Dersom de ikkje blir gravide på det ferske prøverøyrsforsøket, og har fått befrukta egg i frys, kan de benytte dei. Dei kan også bli brukte ved søskenforsøk.

De vil få ei melding på helsenorge.no cirka to veker etter egguthentinga dersom det er embryo av god kvalitet som kan frysast ned. Meldinga vil fortelje om talet på egg som er frosne ned og korleis de kan gå fram for å nytte desse.
Tinte egg kan bli sette tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig av om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Legen vår avgjer kva som er det beste behandlingsalternativet for deg. Dei lagra egga blir som regel nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hos kvinna.

Tilvising og vurdering

Dersom de ynskjer å bruke dei nedfryste embryoa, kan de ta kontakt med avdelinga. 

Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen. Du kan også ringe Kvinneklinikken på telefon 55974200. 

Vi må ha eit samtykke frå dykk begge på at de ynskjer tilbakeføring av befrukta egg. Nedfryste, befrukta egg kan kun nyttast til befruktningsforsøk hos paret. Blir de skilde eller separerte kan ikkje frosne befrukta egg nyttast. Gjenlevande sambuer/ektefelle kan nytte egg som er befrukta med den avdøde sin sæd til assistert befruktning. Det må være dokumentert at det er avdøde sitt ønske.

Samtykkeskjema kan skrivast ut frå vår heimeside. Samtykket må snarast sendast til avdelinga og seinast innan ei veke før opptining.

NB! Egg kan ikkje tinast dersom samtykket ikkje ligg føre.


Du kan sende skjemaet til oss via e-dialog eller per post

 

Antall utførte behandlinger i år:

Vi utfører cirka 250 tinebehandlingar i året

Før

Under

Etter

Kontakt

  • Kontakt Fertilitetssenteret

    Årstadhuset

    Jonas Lies vei 72

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, Blokk 6

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    Praktisk informasjon

    I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

    I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

    Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


    Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
    For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

    Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.