Fryseforsøk

Om det er overskot av befrukta egg med god kvalitet etter egguthenting, kan desse bli frosne ned og lagra til seinare bruk. Nedfrosne, befrukta egg kan ifølge bioteknologiloven oppbevares til kvinna fyller 46 år. Dersom de ikkje blir gravide på det ferske prøverøyrsforsøket, og har fått befrukta egg i frys, kan de benytte dei. Dei kan også bli brukte ved søskenforsøk.

De vil få ei melding på helsenorge.no cirka to veker etter egguthentinga dersom det er embryo av god kvalitet som kan frysast ned. Meldinga vil fortelje om talet på egg som er frosne ned og korleis de kan gå fram for å nytte desse.
Tinte egg kan bli sette tilbake i naturleg eller hormonstyrt syklus, avhengig av om kvinna har regelmessig menstruasjon med eggløysing eller ikkje. Legen vår avgjer kva som er det beste behandlingsalternativet for deg. Dei lagra egga blir som regel nytta før vi eventuelt må utføre ei ny egguthenting hos kvinna.

Tilvising og vurdering

Dersom de ynskjer å bruke dei nedfryste embryoa, kan de ta kontakt med avdelinga. 

Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen. Du kan også ringe Kvinneklinikken på telefon 55974200. 

Vi må ha eit samtykke frå dykk begge på at de ynskjer tilbakeføring av befrukta egg. Nedfryste, befrukta egg kan kun nyttast til befruktningsforsøk hos paret. Blir de skilde eller separerte kan ikkje frosne befrukta egg nyttast. Gjenlevande sambuer/ektefelle kan nytte egg som er befrukta med den avdøde sin sæd til assistert befruktning. Det må være dokumentert at det er avdøde sitt ønske.

Samtykkeskjema kan skrivast ut frå vår heimeside. Samtykket må snarast sendast til avdelinga og seinast innan ei veke før opptining.

NB! Egg kan ikkje tinast dersom samtykket ikkje ligg føre.


Du kan sende skjemaet til oss via e-dialog eller per post

 

Antall utførte behandlinger i år:

Vi utfører cirka 250 tinebehandlingar i året

Før

Kontakt avdelinga ved menstruasjon

Vidare behandlingsløp avheng av om du skal ha naturleg eller stimulert syklus. Hos kvinner med regelmessig menstruasjon og bekrefta eggløysing brukast oftast naturleg syklus. Hos kvinner som ikkje har menstruasjon, svært uregelmessig menstruasjon eller andre medisinske årsaker bruker vi hormonstyrt syklus. Dette kaller ein også stimulert eller substituert syklus.

Medikamenta du skal bruke er føreskrivne på e-resept og kan bestillast på valfritt apotek. Oversikt over dine e-reseptar finn du på helsenorge.no (medikamenter)

Skal du ha innsetting i naturleg syklus, skal du teste deg for eggløysing (LH-stigning) heime. Vi er opptatte av LH-toppen (stigning av Luteiniserande Hormon), for å finne det rette tidspunktet for tilbakeføring av embryo. Denne stigninga skjer 24-36 timar før sjølve eggløysninga. Embryoet blir tilbakeført 3-7 dagar etter positiv eggløysingstest, avhengig av kva for dag embryoet er frose på.
Start testinga frå 8. syklusdag ved sykluslengde 23-27 dagar og frå 10. syklusdag ved sykluslengde 28-35 dagar.

Det finst fleire ulike eggløysingstestar å få kjøpt. Nokre er digitale, mens andre har strekar som skal tolkast. Les rettleiinga som ligg ved pakka, og følg denne nøye. For å vite at vi finn optimalt tidspunkt for tilbakeføring av embryo, er det viktig at du er sikker på at testen for LH-stigning er korrekt. Vi kan dessverre ikkje tolke dei ulike testane over telefon.

Vi anbefaler testen «Clearblue DIGITAL eggløsningstest». Denne testen måler berre nærvær av luteiniserande hormon – LH. Den plutselege stigninga av dette hormonet er det som fører til at eggløysinga skjer.
«Clearblue DIGITAL eggløsningstest» er lett å lese av og vi opplever få brukarfeil med denne typen test.

Det finst kombinasjonstestar som måler både østrogen og LH i ein og same test. Desse blir ofte anbefalte av apoteket, då dei viser eit større tal dagar der befruktning kan skje. Desse opplever vi ein del brukarfeil og spørsmål ved, då dei kan vere vanskeleg å tolke.

Ved utslag på eggløysingstesten kontaktar du laboratoriet. Enten via melding på helsenorge.no eller på telefon 55974274. Du vil da få ein time til innsetting.
Dersom utslag laurdag eller søndag, ring måndag.

NB! Dersom vi ikkje har mottatt samtykket, må vi utsette forsøket til neste eggløysing.

Nokon får ein tablettkur for å få bløding. Du skal ta ein graviditetstest før du startar på denne kuren. 3-4 dagar etter at du har slutta å ta tablettane, vil du få ei bløding. Ta kontakt med avdelinga når blødinga har starta.

Med hormonstyrt syklus har vi no to valmoglegheiter.

  1. Du bruker hormontablettar frå første blødingsdag. Dosen blir fastsett av lege. Ved graviditet fortset behandlinga til og med svangerskapsveke 9. Tablettane inneheld østrogen som gjer at livmorslimhinna (endometriet) veks. Livmorslimhinna er viktig for at embryoet kan feste seg. Den første gongen du skal ha fryseforsøk med hormontablettar, vil du få ein time til ultralyd på dag 10-12 av syklus. Ved eventuelle seinare forsøk vil det ikkje vere behov for ultralyd, med mindre legen endrar på doseringa av tablettane.
  2. Du kan stimulerast med hormonsprøyter for å få eggløysing. Dette er dei same hormona du brukte under stimuleringa ved det ferske forsøket, men i lågare dosar. Dette kallast ofte «lågdose-stimulering». Du set hormonsprøyter dagleg frå første blødingsdag, til same tid kvar dag. Du får time til ultralydundersøking på dag 10-12 av syklus. Etter denne undersøkinga bestemmer legen når eggløysingssprøyta skal settast  og kva for dag egginnsettinga skal vere.

Legen vil velje behandlingsalternativet som er best for deg.
Egginnsettinga skjer vanlegvis mellom 15-20 syklusdag, avhengig av kva for dag embryoet er frose ned på.

NB! Dersom vi ikkje har mottatt samtykket, må vi utsette forsøket til neste syklus.

Under

Vi tinar embryoet enten dagen før eller same dag som tilbakesetting. Ikkje alle embryo toler denne fryse-/tineprosessen.

Før innsetting vil du få informasjon frå laboratoriet om kor mange strå som er tinte og korleis embryoet som skal
settast tilbake har utvikla seg sidan tining. Du kan også få sjå embryoet på ein skjerm om du ønsker det.

  •  Gi beskjed til laboratoriet om du ønsker å ta bilde av embryoet, og ha kamera/telefon klar.


Under prosedyren ligg kvinna på ein vanleg gynekologisk undersøkingsbenk. Vi fører eit tynt kateter gjennom skjeden og inn i livmora, der egget blir plassert.
Dette er ikkje ein smertefull prosedyre, så vi gir ikkje smertestillande i forbindelse med egginnsettinga.

  •  Det kan vere ein fordel med urin i blæra ved egginnsetting. Det kan gi betre ultralydbilde av livmora di.


Om de ønsker det, kan partnar vere med på innsetting. Det går også fint om du kjem aleine.


Hvor lang tid tar normalt behandlingen?
Du skal møte i avdelinga til avtalt tidspunkt. Prosedyren tar cirka 15-20 minutt.

Etter

2-4 dagar før innsetting av egg startar du med progesteronstøtte. Preparatet skal settast djupt i skjeden morgon, midt på dagen og kveld.
Har du embryo frosne på dag 2 eller dag 3, startar du 2 dagar før innsetting. Har du embryo som er frosne på dag 5 eller dag 6, startar du 4 dagar før innsetting.
Progesteronstøtte brukes frem til graviditetstest.

2-4 dagar før innsetting av egg startar du med progesteronstøtte. Preparatet skal settast djupt i skjeden morgon, midt på dagen og kveld.
Har du embryo frosne på dag 2 eller dag 3, startar du 2 dagar før innsetting. Har du embryo som er frosne på dag 5 eller dag 6, startar du 4 dagar før innsetting.
Progesteronstøtte brukes frem til graviditetstest. Om graviditetstesten er positiv skal du bruke progesteron frem til svangerskapsuke 9.

Har du embryo i frys som er frosne på ulike dagar, tiner vi alltid det «yngste» embryoet først. Om vi må tine fleire embryo, vil innsettingsdag, og dermed dagar med progesteronstøtte, bli forskyvd.

Innsettingsdagen skal preparatet settast minst 2 timar før eller rett etter innsettinga. Progesteron kan halde tilbake menstruasjonen sjølv om du ikkje er blitt gravid.

Graviditetstest

Vi vil at du skal ta ei blodprøve 14 dagar etter egginnsetting, også sjølv om du har fått bløding. Nokre kvinner opplever menstruasjonsliknande smerter og sporblødingar i løpet av desse to vekene, men kan likevel vere gravide.

Om du kjem til Laboratoriet på KK eller Zander Kaaes gate 7 for å ta blodprøva innan kl. 8.00, får du svar same dag. Om du tar prøva hos fastlegen eller andre stader, vil svaret vere klart tidlegast neste dag.

Ein sjukepleiar frå oss vil ringe deg og gi deg svaret på testen. Om graviditetstesten er positiv, får du time til vaginal ultralyd om lag fem veker etter egginnsettinga fann stad.

Om du ikkje bur i Bergen, kan du ta vaginal ultralyd hos gynekolog der du bur. Då er det viktig at du og / eller gynekologen melder frå til oss om resultatet frå ultralyden, enten per telefon eller brev.

All vidare oppfølging blir no gjort av fastlegen din.

Dersom blodprøva er negativ, må du ta stilling til om du ønsker vidare behandling hos oss.

Kostnad

Ved innsetting av tinte egg må de betale eigendel, både ved ultralydundersøkinga og egginnsettinga. Du vil motta faktura i posten.

Å setje tilbake tinte egg inngår som ein del av forsøket som egget stammar frå og reknast derfor ikkje som eit eige forsøk.

Kontakt

  • Kontakt Fertilitetssenteret

    Oppmøtestad

    Inngang til Fertilitetssenteret vil fortsatt vere via hovudinngangen i gamle KK-bygget og ned trappa/heisen til underetasjen.
     
    Adresse: Årstadhuset, Jonas Lies vei 72, vis-a-vis Augebygget, like ved Årstad kirke.
     
    Ver rask med tilbakemelding til oss om de ikkje kan nytta tildelt time, slik at vi unngår unødig forlenging av ventetida for andre pasientar. 
     
    Du kan kontakte oss direkte ved å sende ei melding frå «helsekontakter» på helsenorge.no.

    Årstadhuset

    Jonas Lies vei 72

    5021 Bergen

    Transport

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Fertilitetssenteret​ har gått over til å bruke dialogmeldingar som kommunikasjonsform med pasientar.

    Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

    Meldingen vil besvares så snart som mulig, som oftest innen påfølgende arbeidsdag. Hvis det haster bør du ta kontakt per telefon 55 97 42 00.

    Dersom du ikke er pasient hos oss eller ikke finner oss under «helsekontakter», må du kontakte oss på telefon 55 97 42 00.

    Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

    Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


    Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

    Les meir om innsjekk og betaling

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Kontakt Gynekologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Glasblokkene, Blokk 6

    Flyfoto av Glasblokkene

    Glasblokkene

    Haukelandsbakken 1

    5021 Bergen

    Transport

    Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

    Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

    Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

    Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

    Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

    Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

    Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

     

    For inneliggande pasientar er det fire spisestover i huset. Mattilbodet vil være tilpassa dei pasientane som bur på postane. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispenser og vann/isbitmaskin.

    Det vil også være ein kafé i første etasje. Denne er open både for pasientar, pårørande og tilsette​.

    Det er også sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat. ​

    Vi har besøkstid mellom kl. 17.00-20.00.​

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    ​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

    Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

    Les meir om Vardesenteret