Behandling
Fysioterapi ved infeksjon i leddprotese kne eller hofte
Djup leddproteseinfeksjon resulterer i smerter, nedsett funksjon og lang sjukehusinnlegging. Infeksjonen kan spreie seg til omliggjande bløtvev, sener og leddband. Tilstanden debuterer ofte med leddsmerter, hevelse, rødhet, stivhet, varme og nokre gonger feber.
Infeksjon i leddprotese blir behandla med langvarig antibiotikabehandling på sjukehuset. I tillegg må det utførast operasjon med skyljing av leddet og ofte må ein byte ut delar av leddprotesen. Under operasjonen vil ein også fjerne evt. øydelagt muskelvev.
Når infeksjonen er under kontroll, vil lege vurdere om du skal ha oppfølging av fysioterapeut.
Tilvising og vurdering
Det er legen på avdelinga i sjukehuset der du blir lagd inn som tilviser deg til fysioterapi. Fysioterapeuten vil komme til deg på avdelinga og eventuelt avtale om behandlinga skal gå føre seg på rommet eller på treningsrom.
Før
Det blir ikkje kravd førebuingar før du blir lagd inn, men det kan vere behov for ekstra smertestillande medisin før fysioterapi når du blir følgt opp under sjukehusinnlegging.
Under
Mål for fysioterapi
- Selvstendig i flytting og gonge
- Vedlikehalde og framme rørsle, muskellengd og muskelstyrke.
- Smertelindring gjennom rørsle av ledd og gode kvilestillingar.
- Hjelp til vidare oppfølging etter utskriving
Du blir følgt av fysioterapeut gjennom heile forløpet, kor mykje oppfølging du får avheng av kor mykje hjelp du treng. Fysioterapi og eigeninnsats er viktig for det endelege resultatet.
Vanlege prinsipp om framgang og dosering av øvingar kan ikkje følgjast i same grad som etter ein vanleg proteseoperasjon på grunn av infeksjonen. Dersom leddet blir hovent, raudt eller vondt, eller det aukar på med siving frå såret må du ta det litt rolegare, men framleis gjera nokre øvingar med fysioterapeut. Øvingar du gjer sjølv og gangtrening bør då bli avgrensa. Det er ingen avgrensingar for rørsle av andre ledd.
I tillegg til øvingar, trening på generell funksjon og gonge med ganghjelpemidler, motiverer fysioterapeuten til aktivitet i det daglege, då lang sjukehusinnlegging kan føre til passivitet. Du kan også få tilpassa treningsprogram med øvingar du kan gjere på eiga hand.
Leddet skal ikkje tøyast med ekstern kraft. Kneledd kan strekkjast ut aktivt innan avgrensingane som er gitt, og beinet kan kvila utstrekt med pute under leggen når du sit i stol. I senga bør hofte- og kneledd ligge mest mogleg strekt ut. For variasjon kan du ligge korte periodar med bøyg i hofte- og kneledd. Puter gir god støtte.
Behandlingstiltak
- Smertestillande før behandling.
- Øvingar for å fremme sirkulasjon.
- Passiv og leia aktiv rørsle av skadde ledd. I nokre tilfelle bruk av ei skjene som bevegar leddet for deg, kalla Kinetec.
- Knipeøvingar for muskulatur i nærleiken av det infiserte leddet.
- I byrjinga bevegar du beinet medan du ligg på senga, etter kvart kan du bevege mot tyngdekrafta når du sit på sengekant eller i ein stol.
- Trene på å stå med avlasting av beinet etter gjeldande restriksjonar.
- Gangtrening med hjelpemiddel, ofte preikestol i starten, då dette gir god avlasting.
- Vedlikehald av muskelstyrke for resten av kroppen med strikk, vektmansjettar eller manualar.
- Øvingar i slyngje.
- Trappetrening.
Puter bør plasserast mellom kne ved snuing i seng. Når du reiser og set deg skal senga hevast og operert bein blir sett framfor det andre og du må sitte i ein høg stol. Dette for å passe på at det ikkje blir for stor bøyg i leddet. Ved toalettbesøk blir brukt ein forhøgjer.
Restriksjonar
Pågående infeksjon kan føre til at bløtvev blir svekt og at beinvevet blir svakare, leddband og sener kan bli skjørare, derfor skal ein ikkje presse på leddet og presse fram rørsle. Legen bestemmer kva forsiktigheitsreglar som gjeld kvar enkelt person ut i frå kor skadde vevet rundt det infiserte leddet er.'
Hofte
- Kan belasta til smertegrensa
- Tilrår bruk av ganghjelpemiddel første tida.
- Nokon må avlaste meir grunna skadd muskulatur.
- Som oftast skal ein ikkje bøye meir enn til 80-90 gradar og unngå å vri på hofta
Kne
- Kan belasta fullt på strakt kne.
- Tilrår bruk av ganghjelpemiddel første tida.
- Nokon må avlaste meir grunna svekt muskulatur.
- Nokon må i tillegg ved gonge bruke skjene på kneet for ekstra støtte. Fysioterapeuten vil då gi opplæring i korleis denne blir teken på og av.
- Som oftast er det restriksjonar på kor mykje du får bøya kneet etter operasjonen. Dette blir vurdert forløpande av lege og er avhengig av infeksjonstatus og korleis såret over kneet gror.
Etter
Du blir skriven ut når infeksjonen er under kontroll og det kan skiftast til antibiotika i tablettform. Du skal halde fram med øvingar for å fremme rørsle og muskelstyrke rundt leddet, men avvende stor treningsbelastning så lenge du går på antibiotikatablettar. Dersom infekssjonsparametre held seg låge også etter avslutta antibiotikakur, kan du gradvis auka treniningsbelastningen.
Fysioterapeuten skriv ein rapport som du kan få med deg. Rapporten skisserer vidare forløp og viktigheita av å følge avgrensingar for rørsle og belastning.
Ved behov blir det ordna med hjelpemidlar mellombels frå kommunens kortidslager, ved varig behov blir søknad send til Hjelpemiddelsentralen. Ved utskriving til institusjon, er institusjonen ansvarleg for hjelpemiddel.
Ver merksam
Ein kan oppleva auka smerte, hevelse og rødhet etter å ha vore i aktivitet, dette skal gå tilbake ved kvile. Dersom dette held fram må det meldast frå om til lege då det kan bety at infeksjonen blussar opp igjen eller at belastninga har vore for stor.
Kontakt
Sentralblokka
Fysioterapiavdelinga
Oppmøtestad
Fysioterapeuten kommer til deg på avdelingen hvor du er lagt inn, og dere avtaler hvorvidt behandlingen skal foregå på rommet eller på treningsrom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen