Fysioterapi ved lungebetennelse
Lungebetennelse (pneumoni) kjem av ein betennelse i lungene forårsaka av ein infeksjon med bakteriar eller virus. Tilstanden kan vere alvorleg.
Vanlige symptom er feber, hoste og tung pust. Andre symptom kan vere:
- Å kjenne seg trøytt og svak
- Tungpustet
- Nedsatt matlyst
- Problemer med å få i seg nok væske
- Forvirring hos eldre pasientar
- Nokon får brystsmerter når dei pustar inn eller ut
Bakterier er den vanlegaste årsaka til lungebetennelse, og infeksjonen blir behandla med antibiotika. Antibiotika er bakteriedrepande legemiddel. Antibiotikakuren blir gitt rett i blodet på sjukehuset.
Under sjukdomsforløpet bør du gå ut av senga og bevege deg litt rundt, men utan å presse deg for hardt. Er du sengeliggjande, bør du snu deg rundt minst ein gong i timen når du er vaken. Du kan bevege på beina og strekke armane over hovudet. Pust djupt 5 til 10 gonger og host kraftig eit par gonger. Det hjelper å få opp slim frå lungene.
Nokre pasientar med lungebetennelse har behov for oppfølging av fysioterapeut under innlegginga. Indikasjonar for oppfølging kan vere:
- Vanskar med å hoste opp slim
- Tungpust
- Smerter når du skal puste og hoste.
- Respirasjonssvikt - at lungebetennelsen hindrar optimalt oksygenopptak
- Sengeleie/inaktivitet
- Annen underliggjande sjukdom som forverrar tilstanden
Tilvising og vurdering
Behandlende lege på avdelinga der du er innlagd vil tilvise deg til fysioterapi når dette er aktuelt.
Før
Det krevst ingen førebuingar. I nokre tilfelle vil fysioterapeuten avtale med avdelinga at du får inhalasjonar (medisinar du pustar inn) før behandlinga.
Under
Fysioterapeuten vil mellom anna observere pusten din og spørje deg om allmenntilstand, aktivitet (før og under sjukdom), slimplager, smerter og kjensle av tungpust/kortpust. Saman med deg vil vi danne oss eit bilete av kva som er hovudproblemet og velje tiltak utifrå dette. Overordna mål for lungefysioterapi er å optimalisere pustearbeidet.
Om det er mogleg vil du bli anbefalt å vere i lett aktivitet; dette kan vere å sitte oppe i stol eller gå små turar på rommet. Dersom du er sengeliggjande vil du bli vist aktuelle øvingar i senga, også blir du tilrådd å endre stilling ofte.
I dei fleste tilfelle ved lungebetennelse har pasienten slimplager. Du vil bli vist ulike teknikkar for korleis losne, flytte og fjerne slim. Teknikkane er spesielt viktig om allmenntilstanden gjer at du må halde deg i senga. Nokre vanlege teknikkar er:
- Inhalasjonsteknikk ved bruk av inhalasjonsmedisin.
- Støyt -eller hosteteknikk
- PEP-fløyte (system 22)
- Leppepust ved tungpust/kortpust
- Andre direkte og indirekte respirasjonsøvingar for å fremme roleg og djup respirasjon
Etter
Før utskriving kan fysioterapeuten gi deg informasjon/råd om anbefalt aktivitet vidare og ved behov også meir spesifikke teknikkar for slimdrenasje du kan fortsette med.
Dei fleste treng ikkje vidare oppfølging av fysioterapeut utover dette. Unntak kan vere pasientar med annan underliggjande sjukdom eller høg alder, anbefalt oppfølging blir individuelt tilpassa desse og vil variere frå person til person.
Det er ikkje rutine for poliklinisk kontroll av fysioterapeut ved gjennomgått lungebetennelse.
Kontakt
Sentralblokka
Fysioterapiavdelinga
Oppmøtestad
Fysioterapeuten møter deg på sengerommet på avdelingen du ligger. Vanligvis utføres behandlingen her, men man kan også avtale å gå til et eget behandlingsrom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen