Dei fleste nyfødde som får gulsott, får det fordi leverfunksjonen ikkje er heilt moden enno. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodlekamane våre som ikkje er levedyktige.
Barn som er fødd for tidleg (premature barn) får oftare og kraftigare gulsott enn andre barn. Hos desse vil truleg gulsotta også vare lenger.
Dersom gulsotta er kraftig og kjem i første levedøgn, vil barnet bli kontrollert ved hjelp av blodprøvar og få tilpassa behandling om det er nødvendig.
Nokon gongar kan gulsott oppstå på grunn av for mange ikkje-levedyktige røde blodlekamar, der blodgruppene til mor og barn ikkje samsvarar med kvarandre. Som regel kan dette bli påvist ved hjelp av blodprøvar frå mor og barn.
Ein meir sjeldan og alvorleg form for gulsott kan oppstå når mor og barn har ulik rhesus-gruppe. Dette vil vere påvist før fødsel via blodprøver tatt frå mor i svangerskapet. Blodprøver tatt av mor og barn etter fødselen, vil bekrefte at blodet ikkje samsvarar.
