Behandling, Distal radiusfraktur, ekstern fiksasjon
Handleddsbrot, operasjon med utvendig ramme
Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med utvendig ramme blir det først lagt på ein midlertidig gips, og deretter utfører ein operasjonen. Du blir følgd opp med kontrollar etter to og seks veker. Det tar omtrent seks veker for brotet å gro.
Før
Dersom operasjon blir valt, vil ein først alltid leggje på ein gips. Operasjonen vil deretter bli utført i løpet av ein til to veker. Ofte kan ein vere heime i ventetida, og så møter du på sjukehuset til avtalt tid for operasjon.
Det er viktig at du beveger fingrane heile tida etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.
Førebuingar til operasjon
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar etter kl. 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje noko anna, fram til 2 timar før oppmøtetidspunkt på operasjonsdagen.
Under
Operasjon
Brotet blir operert ved at vi monterer ei ramme utanpå armen som blir festa til knoklar i underarmen og handa. Denne ramma held brotet i ro i korrekt stilling medan det gror.
Sjølve operasjonen tar om lag 30 minutt, men dette kan variere. Brotet er vanlegvis grodd etter 6 veker.
Etter
Det er svært viktig at ein kjem seg raskt i gong med bevegelse av fingrane. Dette bør startast så snart som mogleg etter operasjonen.
Eigeninnsats er viktig og gjør faren for komplikasjonar som hevelse og tilstiving mykje mindre.
Du vil få smertestillande medikamentar slik at dette skal la seg gjere.
Opptreningstida etter operasjonen vil variere med kompleksiteten i brotet.
Informasjon frå fysioterapeut
Her er eit større øvingsrepertoar. Handa toler meir enn det som blir vist i øvingsprogrammet her. Du kan tøye handa med kraft. For eksempel kan du støtte handflata på eit bord og leggje vekt på han for å tøye handleddet bakover. Vel dei øvingane du kjenner er mest nyttige for deg:
Ver merksam
Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:
- Raudfarge
- Aukande smerte og / eller hevelse
- Puss, gul eller grøn væske frå såret
- Feber
- Sjukdomskjensle
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Ved operasjon - Ortopedisk avdeling i 7. etasje i Sentralblokka.
Ved kontroll - Ortopedisk poliklinikk i 2. etasje i Sentralblokka.
For medisinske spørsmål - ring 55 97 71 87 (mandag-fredag, kl. 09.00-15.00)
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen