Hjarteklaffoperasjon
Denne operasjonen blir utført dersom ei forsnevring eller ein lekkasje i ein hjarteklaff truar med å overbelaste hjartet.
Det er ofte klaffen mellom venstre hjartekammer og hovudpulsåra (aortaklaffen) som er skadd. Den sjuke aortaklaffen blir oftast erstatta med ein kunstig klaff/ventil. Det nest vanlegaste er at klaffen mellom venstre forkammer og venstre hjartekammer (mitralklaffen) krev operasjon. Dei fleste mitralklaffefeil lar seg reparere. I enkelte tilfelle med lekkasje reparerer vi også aortaklaffar.
Av kunstige ventilar finst to hovudtypar: Mekaniske og biologiske.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til hjarteavdeling på sjukehuset. Pasienten blir utreda enten her på Haukeland eller på lokalsjukehuset før ein eventuelt vert vurdert for operasjon.
Før
Medisinar
Under
På operasjonsavdelinga
Når du kommer til operasjonsavdelinga blir du tatt i mot av den legen og sjukepleiaren som skal gi deg narkosen. Det blir innlagt ei kanyle (lite, tynt plastrør) i ein blodåre på handa di, og det blir gitt medisinar som gjer at du sovnar.
Når du sovnar vil anestesipersonalet legge eit rør ned i luftrøret ditt. Dette gjerast fordi du under operasjonen blir tilkopla ein pustemaskin (respirator), som hjelper deg med å puste. I tillegg vert det lagt inn eit urinkateter i urinblæra.
Operasjonen begynner med at brystbeinet vert delt i to slik at brystbein og ribbein kan brettast til side for å komme til hjartet. Under inngrepet er det vanleg at to kirurgar samarbeider.
På slutten av operasjonen legg kirurgen inn ein slange (thoraxdren) for å drenere væske frå operasjonssåret. Brystbeinet vert lukka med fleire ståltrådar som blir verande i kroppen etter operasjonen.
Operasjonen varer vanlegvis 2-3 timer, men dette kan variere.
Etter
Du vaknar etter operasjonen på Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakingsseksjon (TIO) i sentralblokka. Her ligg du på eit overvakingsrom med fleire sengeplassar, og er tilkopla mykje utstyr. I denne første fasen er det helsepersonell rundt deg heile tida som passar på deg.
Vanlegvis blir du til neste dag. Du kjem sannsynlegvis ikkje til å hugse noko særleg frå denne tida på grunn av narkosen og andre smertestillande medisinar.Besøk operasjonsdagen
Det er ikkje vanleg at pårørande kjem på besøk til Postoperativ thorax seksjon. Næraste familie kan ringje dit for å høyre korleis pasienten har det.Tilstander som kan oppstå
- Det kan oppstå infeksjon etter operasjonen.
- Det kan oppstå mindre forstyrringar i hjarterytmen i form av atrieflimmer. Det brukar å normalisere seg etter behandling.
- Ved hjartekirurgi kan leidningssystemet i hjartet bli skadd. Det kan vere forbigåande, men hos enkelte kan det være nødvendig å legge inn ein permanent pacemaker.
- Ein kan oppleve psykiske problem av ulik karakter og eventuelt akutt forvirring (eldre er meir utsett enn yngre pasientar) problema er som regel forbigåande.
Tidleg aktivitet
Etter operasjonen er det viktig å komme i aktivitet. Din eigeninnsats er veldig viktig for vellykka rehabilitering etter hjarteoperasjonen. Ved hjelp av enkle øvingar kan du redusere faren for komplikasjonar. Fysioterapeuten vil informere deg om øvingane før operasjonen.- Bøy og strekk begge anklar 10 - 20 gonger
- Bøy og strekk eit bein om gongen, 10 gonger med kvart bein
- Stram og slapp av setemusklar og lår 10 gonger
- Strekk armane over hovudet, og ta dei ned igjen 10 gonger. Ta gjerne ein arm i gongen.
- Legg hendene på magen. Pust så djupt inn at magen hevar seg og slapp deretter av. Gjenta 5 gonger.
- Du vil få eit munnstykke (PEP-ventil) som gir motstand når du pustar ut slik at dei små luftvegane blir utvida. Når du brukar PEP-ventil vil du lettare hoste opp slim som kan ha samla seg i luftvegane. Blås om lag 10 gonger, gjenta øvinga to til tre gonger med ein liten pause mellom kvar runde. Når du kjenner du må hoste kan du støtte ei pute mot brystet, då gjer det mindre vondt når du hostar.
- Dag 1: Sitte i stol minst ½ time ved kvart måltid. Bruke pep-ventil/pustehjelpemiddel minst 10 blås om lag kvar time.
- Dag 2: Sitte i stol minst 1 time ved kvart måltid. Gå på rommet eller i korridoren med følgje. Bruke PEP-ventil minst 10 blås om lag kvar time
- Frå dag 3: Vere mest mogleg oppe, kvile ved behov. Gå turar i korridoren. Bruke pep-ventil minst 10 blås om lag kvar time.
Puls
Dei første dagane etter operasjonen har du på deg berbart overvakingsutstyr (telemetriapparat). På vaktrommet kan vi følgje med på hjarterytmen din. Mange får uregelmessig eller hurtig puls i periodar. Det kan kjennast ut som hjartebank. Som oftast er det forbigåande og ufarleg. Det kan bli behandla med rytmeregulerande medisin.Smerter
Du kan forvente å trenge smertestillande medisin regelmessig den første tida. God smertebehandling vil både gjere det lettare å vere i aktivitet og å få hosta opp slim. I tillegg til smertene i brystet vil mange oppleve stivheit i nakke og skuldrer.Hovudet skal ikkje bøyast bakover når du gjer desse øvingane. Gjer øvingane 5-10 gonger.
- Løft skuldrene opp mot hovudet og slipp dei roleg ned igjen.
- Legg fingertuppane på skuldrene. Lag store sirklar med olbogane.
- Plasser hendene i nakken, før olbogane bakover medan du held ryggen rett. Hold stillinga og slapp så av.
- Drei hovudet rolig til sida og hold eit augeblikk. Sjå rett fram. Drei hovudet til den andre sida.
- Bøy hovudet roleg til sida og hold nokre sekund. Rett hovudet opp og bøy til andre sida. Desse øvingane kan du fint fortsette med når du er komen heim.
Pust
Temperatur
Det er normalt med litt høgare kroppstemperatur enn ellers dei første dagane etter operasjonen.Blodprosent
Ein hjarteoperasjon krev normalt ingen behandling med jarntilskot. Det er som regel tilstrekkeleg å ete sunn og variert mat.Blodtrykk
Dersom blodtrykket ditt har vore høgt før operasjonen, er det sannsynleg at det kjem tilbake til dei same verdiane nokre månader etter operasjonen. Vanlegvis held du fram med blodtrykksmedisin og du skal oppretthalde kontrollar hos fastlegen din.Væske i kroppen
Det er normalt med opphoping av væske i kroppen den første tida. Dei første dagane får du derfor medisin som driv vatnet ut av kroppen igjen. Det tar litt tid før blodsirkulasjonen i beina normaliserer seg etter operasjonen. Beina hovnar lett opp så du får elastiske strømper som du skal bruke i 1-2 månader. Hevelsen vil gå ned etter kvart.Dren
Det blir lagt inn minst to dren under operasjonen for å drenere sårvæske. Drena blir fjerna etter 1-2 dagar og huda blir lukka med eit sting eller tape. Stinga skal sitje på 12-14 dagar etter operasjonen.Pacemaker
Under operasjonen legg kirurgen inn to eller fleire tynne leidningar til hjartet. Leidningane kan koplast til ein pacemaker ved enkelte typar hjarterytmeforstyrring. Pacemakerleidningane blir fjerna før du reiser heim.Operasjonssåret
For å operere i hjartet er det vanleg å opne brystbeinet på langs. Det blir sydd saman igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd igjen med ståltråd, som blir verande permanent. Såret på brystet er sydd med innvendige sting som ikkje skal fjernast. Du må rekne med nedsett følelse i huda og ubehag ei tid framover. Dersom det er brukt ei blodåre frå brystveggen, er det gjerne huda til venstre for brystbeinet som kan ha redusert følelse. Årsaka er at nokre nervar i huda er blitt skadd. Du kan også få blåmerke i huda, dei forsvinne gradvis.Hygiene
Du kan dusje få dagar etter operasjonen. Ein sjukepleiar vil vise deg korleis du skal gå fram. Det er viktig å skylje operasjonssåra fri for såperestar.Soling
Så lenge arra er raudleg og ikkje kvite skal du smøre på solkrem med høg solfaktor når du er barhuda i fint ver og sol.Fordøying
Dei fleste får problem med treg mage på grunn av nedsett aktivitet og medisinbruk den første tida. Ved behov gir vi eit lett flytande avføringsmiddel. Det er viktig at du drikk rikeleg. Fysisk aktivitet stimulerer fordøyinga. Magen vil begynne å fungere som tidlegare når du kjem tilbake til eigne faste rutinar.Medisinar etter operasjonen
Pasientar som er bypassoperert får Albyl-E ein gong dagleg. Denne medisinen reduserer risikoen for at dei nye årene skal gå tett. Dersom du nyleg har hatt magesår skal du ikkje bruke Albyl-E. Dette vurderer legen saman med deg. Dei fleste held fram med, eller startar med, kolesterolsenkande medisin.Søvn og kvile
Du kan forvente at nattesøvnen blir forstyrra i ein periode etter operasjonen. Nokre er i tillegg plaga av hallusinasjonar, som er ein etterverknad av narkosen. Derfor er vi restriktive med å gi sovemedisin til alle nyopererte. Vi anbefaler deg etterkvart å halde deg vaken på dagtid (middagskvil er lov) for å betre kvaliteten på natte- søvnen.Humør og konsentrasjon
Det er vanleg med humørsvingingar etter operasjonen, også for personar som normalt er rolege og har godt humør. Mange kan kjenne seg deprimert, blir lettare irritert og tar til tårene utan grunn. Det er også vanleg å oppleve ein viss grad av svikt i hukommelsen og konsentrasjonsvanskar. Dette er som regel førebels, og vil gradvis normalisere seg.Opphald og heimreise
Vanleg liggetid er 4-8 dagar etter operasjonen. For deg som har anna lokalsjukehus er det vanleg å bli flytta over dit etter 3-7 dagar. Transporten kan gå føre seg med drosje, helsebuss, ambulanse, rutefly eller ambulansefly.Blodtynnande medisin
Pasientar som får operert inn kunstig hjarteklaff må ta blodtynnande medisin for å unngå blodpropp, såkalla antikoagulasjonsbehandling. Medisinen vi bruker heiter Marevan® .Endokarditt
Resept
Dersom du reiser direkte heim frå Haukeland universitetsjukehus, skriv lege på Hjarteavdelinga ut reseptar til deg. Blir du flytta til eit lokalsjukehus vil legane der skrive ut reseptar.Sjukemelding
Alle som er hjarteopererte må rekne med 2 - 3 månaders sjuke-melding, avhengig av yrke. Dersom du har eit fysisk lett arbeid og ønskjer å starte tidlegare, kan du snakke om dette med legen.Bilkøyring
Du bør ikkje køyre bil dei første 5-6 vekene etter operasjonen. Grunnen er faren for uregelmessig puls og moglege konsentrasjonsproblem som kan ha innverknad på køyre- og vurderingsevna di. Du må bruke bilbelte sjølv om det kan vere litt ubehageleg den første tida.Tankar og refleksjonar
Ein del av pasientane våre opplever å gå gjennom ei krise. Sjukdommen, ventetida, operasjonen og rekonvalesensperioden kan påverke deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du går gjennom og treng tid for å normalisere seg. I rekonvalesensperioden er det lurt å bearbeide reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Snakk gjerne med andre.Rehabilitering
Dersom du trur det kan bli vanskeleg å kome rett heim frå sjukehuset, kan du ta dette opp med personalet same dag du blir lagt inn. Vi kan formidle kontakt og sende søknad for deg til rehabilitering. I Hordaland er det to rehabiliteringstilbod for hjartepasientar:- Ravneberghaugen opptreningssenter, 5217 Hagavik, tlf: 56 57 04 00
- Åstveit Helsesenter AS, 5083 Øvre Ervik, tlf: 55 53 97 00
Treng du informasjon og råd i høve til økonomi og trygderettar kan vår avdeling sette deg i kontakt med ein av våre sosionomar.
Ver merksam
Kontakt avdelinga dersom du får nokre av disse plagene:
- Tung pust
- Bløding i såret
- Væske fra såret
- Aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
- Aukande hevelse i eit eller begge bein
- Sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
- Svimmelheit eller svime
- Feber
Blir du akutt sjuk, ring 113.
Kontakt
Sentralblokka
Hjarteavdelinga
Oppmøtestad
Du skal møte på Hjartepost 4, i Sentralblokka, 6.etasje. Telefonnummer er 55973630 / -32. Pasientar som ventar på operasjon/innlegging kan kontakte innleggingskontoret dersom ein har spørsmål vedrørande innlegginga. Telefon 55972190, telefontid 09.00-11.00 og 12.30-14.00.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Transport
- Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
- Line 12 har avgang frå Bystasjonen
- Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
- Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
- Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
- Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
- Ibsensgate - arbeidsruter
Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise
Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di
Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser
Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen
I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.
Praktisk informasjon
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.
Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.
Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.
Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla.
- E-post: frivillig@helse-bergen.no
- Mobiltelefon: 902 67 193
Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.
Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.
Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.
Telefon resepsjon: 55 97 50 00
I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.
Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.
Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.
Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.
Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta
Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:
Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum.
Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.
Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.
Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.
Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
- Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
- Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
- Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.