Hornhinna: Operasjon for innvekst på hornhinna
Pterygium er ein tilstand der slimhinne veks inn i og over hornhinna grunna langvarig irritasjon. Tilstanden presenterer seg som ein raud knute på det kvite på auget.
Pterygium kan gi symptom i form av irritasjon og kan i enkelte tilfelle vere så uttalt at det forstyrrar synet. Pterygium må fjernast kirurgisk. Symptom kan nokre gonger dempast med korte kurar med steroid-dropar i ventetida.
Før
Du kan ete normalt og ta vanlege medisinar. Dei blodfortynnande medisinane Albyl-E, Plavix og Asasantin Retard bør ein ikkje ta seinare enn 7 dagar før operasjon. Marevan bør ikkje takast seinare enn 3 dagar før operasjon. Dersom du tar annan blodfortynnande medisin, kontakt eigen lege for dosering. Dersom du har kunstig hjarteklaff, eller har hatt hjarte- eller hjerneinfarkt, ta kontakt med din eigen lege for dosering – som hovudregel bør du då fortsette med den tynnande medisinen.
Du må møte utan sminke, parfymar og større smykke.
Under

Etter

Ver merksam
Bløding og infeksjon førekjem sjeldan. Hos nokre pasientar kan pterygium vekse tilbake igjen etter nokre månader/år.
Dersom du har spørsmål om postoperativt forløp, kontakt Augeavdelinga:
55 97 41 00.

Kontakt
Augebygget
Augeavdelinga
Augebygget
Augeavdelinga
Kontakt Augeavdelinga
Oppmøtestad
Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje måndag - fredag kl. 08.00-15.30
Øyeblikkeleg hjelp:
Vekedagar kl. 07.30-19.00: Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg: Akuttmottak i Sentralblokka.
Augebygget
Jonas Lies vei 72
5053 Bergen