Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hornhinnetransplantasjon

Ved permanent uklar hornhinne kan ein gjere ein hornhinnetransplantasjon der den uklare hornhinna blir erstatta av ei klar donorhornhinne.

Ved ein hornhinnetransplantasjon erstattar ein sjuk eller skadd hornhinne med ein ny. Når hornhinna blir uklar, kan ikkje lysstrålar nå netthinna i auget. Dette medfører dårleg syn og i verste fall blindskap. Under sjølve operasjonen blir den sentrale delen fjerna av den uklare hornhinna som blir erstatta av ei klar hornhinne.

Hornhinna blir fjerna ved hjelp av ein sirkulær kniv. Dernest blir det plassert ei ny hornhinne i opninga som så blir sydd fast med svært tynn tråd. Hornhinna kjem frå ein donor.

For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknadene og planlegge undersøkingar og behandling hos oss, må vi vite ein del om pasienten. Tilvisingane skal derfor innehalde opplysningar om:

  • Namn, fullt fødselsnummer og telefonnummer
  • Forslag til diagnose.
  • Problemet til pasienten, varigheit.
  • Undersøking av begge auga. Dette blir føresett gjort hos tilvisande augelege.
  • Synsstyrke (inkludert refrasjon)/augetrykk.
  • Vidare vil vi alltid ha opplysningar om andre sjukdommar som kan påverke auga, for eksempel diabetes.

For alle pasientar der det kan bli aktuelt med operasjon treng vi opplysningar om andre sjukdommar. Dette gjeld spesielt ved moglegheit for behov for narkose:

  • Hjartesjukdom?
  • Lungesjukdom?
  • Allergiar?
  • Allmenntilstand?
  • Kan pasienten for eksempel gå opp 1 etasje utan problem?

Dersom tilvisande lege har liste over dei faste medisinane til pasienten, vil vi ha denne saman med tilvisinga.

Sjølv vil vi prøve å gi tilbakemelding om pasienten til tilvisande lege så fort som mogleg. Behandlinga av pasienten er stadig meir avhengig av eit godt samarbeid mellom fleire aktørar.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Dersom synet brått blir meir tåkete og / eller auget blir raudt, er det viktig å ta raskt kontakt med eigen augelege, fordi det kan vere transplantatreaksjon i utvikling. Dersom ein får starta behandling i løpet av ein dag eller to, er det håp om å redde transplantatet. Dersom det oppstår ruskkjensle er det også viktig å ta kontakt med eigen augelege straks, fordi det kan vere lause sting.

Slag mot auget er den største trusselen etter transplantasjon, fordi stinga alltid vil vere eit svakt punkt og sjølv lette dask av ei barnehand eller ein hagekvist kan vere katastrofale. Det er derfor nødvendig å beskytte seg med briller om ein blir eksponert for noko som kan gi den minste risiko for augetraume. Ballspel er klokast å unngå, eller ein må i hvert fall ha solide vernebriller med strikk i nakken.

På grunn av risiko for hornhinnebetennelse er det ikkje klokt å bade i basseng eller sjø, så lenge stinga sit i hornhinna. Det er ikkje noko avgrensing i fysisk aktivitet etter utskriving frå sjukehuset.

Kontakt

Augebygget Augeavdelinga

Kontakt Augeavdelinga

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Augebygget

Jonas Lies vei 72

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.